NTB 1 Wzt Zp P Fy 4 Ikkje bruk
FØREBUR SØKSMÅL: Om regjeringsvedtaket om skjenkjestopp er lovleg kan bli vurdert i eit massesøksmål. Foto: Beate Oma Dahle / NTB / NPK
Nytt

Klarsignal for rettsak om skjenkestopp

SMB-styret gav grønt lys til søksmål mot regjeringa.

12.01.2022

NPK-NTB-Snorre Schjønberg: Det går mot eit massesøksmål mot regjeringa for å få avklart om vedtaket om skjenkjestopp var lovleg eller ikkje. SMB Norge vil byggje eit breitt søksmål.

Styret i interesseorganisasjonen for små og mellomstore bedrifter gav tysdag grønt lys til administrerande direktør Jørund Rytmans ønske om å gå til sak mot regjeringa.

– Styret stiller seg undrande til at regjeringa ikkje har kunna gjere greie for betre for avgjerdsgrunnlag før innføringa av eit så inngripande tiltak, heiter det i styrevedtaket.

Rytman seier til NTB at dette er ei prinsippsak organisasjonen vil forfølgje uavhengig av om kranene blir opna igjen seinare i veka. No skal SMB Norge gå gjennom eit brev frå helsedepartementet med grunngiving for vedtaket med juristane sine.

Vil ha med NHO
– Eg har òg observert at NHO har vore i kontakt med dei juridiske rådgivarane sine om dette, så eg tenkjer det er naturleg å ta ein prat med dei om vi kan gjere dette saman, seier Rytman.

I tillegg vil SMB Norge høyre med andre organisasjonar og bedrifter om dei vil bli med på søksmålet.

Når søksmålet eventuelt blir levert, er det for tidleg å seie noko om.

– Eg har fått fullmakt til å forfølgje det juridiske vidare, så sånn sett har vi komme eit steg vidare. Men først må vi prate med advokatane våre i morgon for å finlese det brevet vi fekk for nokre timar sidan. Ut frå det eg og styreleiaren vår har lese, så kan vi ikkje sjå at regjeringa fatta eit lovleg vedtak og vurderte det forholdsmessig, seier Rytman.

Dersom søksmålet endar med at regjeringsvedtaket blir erklært ugyldig, vil SMB Norge vurdere om dei skal støtte bedrifter i å be om erstatning.

– Prinsippsak
Rytman håpar det kjem endringar i skjenkjestoppen snart, men det vil ikkje påverke søksmålet.

– Det er ei prinsippsak i seg sjølv, om regjeringa gjorde noko ulovleg eller ikkje. Så det trur eg veldig mange er interesserte i å få avklart, seier Rytman.

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) skriv i eit brev til SMB Norge at regjeringa ikkje veit kor mykje skatteinntektene vil falle som følgje av smitteverntiltaka.

– Skjenkjestopp er eit inngripande tiltak som kan leie til nedstenging og permitteringar, og det var regjeringa klar over då tiltaket vart vedteke, skriv Kjerkol i brevet.

Viser til faglege råd
Når det gjeld andre samfunnsøkonomiske kostnader ved skjenkjestopp, viser helseministeren til dei faglege vurderingane frå FHI og Helsedirektoratet før jul.

Der viser helsestyresmaktene til eit notat frå Finansdepartementet der den nasjonale tilleggskostnaden ved ulike grader av skjenkjestopp og tiltak i serveringsbransjen er berekna til mellom 0,26 og 1,56 milliardar kroner per månad.

– I strategi- og beredskapsplanen til regjeringa kjem det klart fram at ved vurderinga av smitteverntiltak, skal omsynet til barn og unge bli prioritert først, deretter omsynet til arbeidsplassar og næringsliv. Kompensatoriske tiltak for å redusere tiltaksbyrda skal vurderast. Denne strategien låg òg til grunn for dei tiltaka som vart innførte i desember, skriv Kjerkol.

Publisert: 12.01.2022 08:43

Sist oppdatert: 12.01.2022 09:01

Mer om