– Mange er slitne, frusterte og oppgitte
NHO ber om koronapass så snart som råd og at krisehjelpa blir vidareført. Sjå pressekonferanse i kveld.
Torsdag kveld skal regjeringa fortelje korleis smitteverntiltaka blir framover. Forventingane er mange framfor pressekonferansen klokka 19.
Sjå pressekonferansen her (ekstern lenke)
Regiondirektør Espen Remme i NHO Møre og Romsdal meiner det viktigaste er at krisehjelpa held fram så lenge bedriftene blir påverka av smitteverntiltaka.
– Det gjeld både kompensasjonsordniga, lønnsstøtte og oppmuking av reglar for permittering og sjukefråver, og andre ordningar som er med å berge desse sunne bedriftene, fortel han.
Med færre koronasmitte innlagt på sjukehus og fleire vaksinerte ventar Remme at regjeringa kjem med ei oppmjuking torsdag kveld. Tiltaka må stå i forhold til konsekvensane, påpeiker han.
Ny nedstenging
Delar av reiselivet, overnattingsbedrifter og spisestader er mellom bransjane som gjentekne gonger har opplevd å måtte stenge. Skjenkestoppen som blei innført i desember førte til nye permitteringar, sjølv om ein del også held dei tilsette på jobb med lønnsstøtta.
– Eg registrerer at mange no er slitne, frustrerte og oppgitte over situasjonen, fortel Remme om tilbakemeldingane han får frå bedriftene.
Håpet i desse bransjane er naturleg nok oppheving av skjenkestoppen og større moglegheiter til å samle fleire folk.
Ber om koronapass
NHO sentralt har vore klare på at dei vil ha vekk forbodet mot å servere
alkohol. Onsdag sendte NHO også eit brev til fleire departement der dei
ber om at koronapass blir teke i bruk så snart som mogleg.
– Det er eitt av tiltaka vi ber om, og er eitt av verkemidla som kan nyttast for å gå i gong aktivitet utan at det går utover smittevernet, påpeiker Remme.
Covid-19-forskrifta opnar for at kommunane kan innfør koronasertifikat i samband med eigne smitteverntiltak. Det kan gi tilgang for at fleire menneske kan møtast ved arrangement, konsertar og serveringsstader.
Det er førebels ikkje opna for bruk av koronapass i arbeidslivet. NHO ber om at denne diskusjonen også blir løfta.
– Bedrifter også her i Møre og Romsdal, merkar framleis konsekvensane av restriksjonar på innreise og tilgang på arbeidskraft, legg Remme til.
Trur dei fleste vil klare seg
Frykta for konkursar har vore høg, men likevel har få bedriftene gått
overende. NHO-direktøren i Møre og Romsdal har også inntrykk av at dei
fleste vil klare seg – så lenge tiltaka blir vidareført.
– Dei fleste har har vore gjennom dette nokre gonger no og klart å tilpasse seg situasjonen, seier Remme.
Han påpeiker at det vil vere eit oppdemma behov for alt frå restaurantbesøk til reising, og krysser fingrane for at det kan gi vekst i desse bransjane framover.
Publisert: 13.01.2022 08:56
Sist oppdatert: 13.01.2022 16:02