NTB v CS9 BH Jlgys IKKJE BRUK
NYE REGLAR PÅ VEG: Helsedirektør Bjørn Guldvog, helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) og direktør i FHI Camilla Stoltenberg under den førre pressekonferansen om koronasituasjonen. Foto: Terje Bendiksby / NTB
Nytt

Varslar endra koronareglar i kveld

Skjenkjestopp, karantene og raudt nivå – desse koronatiltaka kan bli endra.

13.01.2022

NPK-NTB: Blir det slutt på skjenkjestoppen? Her er koronareglane som har skapt mest debatt i forkant av pressekonferansen til regjeringa torsdag kveld.

– Det blir nokre justeringar og nokre lettar. Vi kan tole meir smitte i samfunnet, seier helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) til NTB om kva vi kan vente oss på pressekonferansen på torsdag.

Den 13. desember i fjor, for fire veker sidan, innførte regjeringa fleire koronatiltak som sidan har skapt mykje debatt. Det mest omdiskuterte er skjenkjestoppen, som førte til at ei rekkje serveringsstader måtte avlyse planlagde julebord og sende ut permisjonsvarslar til sine tilsette.

Kva regjeringa planlegg å gjere med skjenkjestoppen, er ikkje kjend, men blir truleg klart på pressekonferansen torsdag kveld.

– Det å finne rett balanse blir det store spørsmålet som regjeringa må ta stilling til, seier avdelingsdirektør i Folkehelseinstituttet, Line Vold, om utfordringa regjeringa står overfor når nye tiltak skal innførast og gamle skal sleppast opp.

NHO fryktar konkursar
– Dette må vere siste gong vi har full skjenkjestopp over heile landet, seier Kristin Krohn Devold, administrerande direktør i NHO reiseliv. Ho er den siste av ei rekkje aktørar som krev at skjenkjestoppen blir oppheva.

Ei undersøking blant NHO Reiselivs medlemmer viser at skjenkjestoppen har ført til fleire stengde dører og permitteringar i reiselivet. Nær 4 av 10 reiselivsbedrifter fryktar konkurs, medan over halvparten av utelivsbedriftene på landsbasis fryktar det same, ifølgje undersøkinga.

– Undersøkinga stadfestar at reiseliv, servering og utelivsbransjen betaler ein høg pris for at styresmaktene bruker skjenkjestopp som eit verkemiddel. Det hastar å få avvikla skjenkjestoppen, seier Devold.

I helga varsla finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) i eit intervju i Dagbladet at han ønskjer å opne kranene.

– Dersom det ikkje kjem tunge faglege råd som avrår det, så må vi lempe på skjenkjestoppen denne veka. Normalen må vere å ha eit så ope samfunn som mogleg. Målet er opne kraner, sa han.

Fritidskarantene og raudt nivå
Eit anna tiltak som vart innført i desember, var raudt nivå ved vidaregåande skular. Tiltaket vart ikkje sleppt opp før skulestart etter jul, og elevar ved vidaregåande skular måtte ha delvis digital skulestart i januar.

Elevorganisasjonen er svært kritisk til raudt nivå i vidaregåande skular, men Skolenes landsforbund har bede om at alle skular skal ha raudt nivå inntil alle lærarar har fått den tredje vaksinedosen sin.

I romjula bestemde regjeringa at lærarar og barnehagetilsette, til liks med helsepersonell, fekk innført karantenereglar som gjer at dei kan gå på jobb som vanleg, men vere i karantene på fritida. Også dette har fått skarp kritikk frå fleire hald.

– Regelen er urimeleg og ulogisk fordi dei tilsette i skular og barnehagar kan vere nærkontaktar og tett på elevar og barn i barnehage kvar dag, men samtidig i fritidskarantene og då til dømes avskore frå å hente sitt eige barn i barnehagen, sa Hege Valås, nestleiar i Utdanningsforbundet, til NTB då regelen vart innført.

Vil prioritere barn og unge
13. desember innførte regjeringa òg ei tilråding for barn over grunnskulealder om å ikkje drive idrett eller aktivitetar der dei ikkje kan halde éin meters avstand.

Idrettsforbundet har bede om at dette blir endra.

– Med desse restriksjonane blir ungdom i dei eldste aldersgruppene spesielt ramma i form av særskilde avgrensingar for utøving av idrettsaktivitet. Tiltaka opplevast som uforholdsmessige, då dei fleste i denne aldersgruppa er vaksinerte, sa idrettspresident Berit Kjøll i ei pressemelding førre veke.

Regjeringa har varsla at dei vil prioritere barn og unge når dei justerer på tiltaka.

– Det gjeld skular, barnehagar, fritid og idrett. På alle dei områda har det vore tiltak, og vi går grundig gjennom det for å sjå på moglegheiter for gjere tilpassingar slik at kvardagen blir mest mogleg normal, sa statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) til NTB onsdag.

Publisert: 13.01.2022 07:39

Sist oppdatert: 13.01.2022 09:19

Mer om