(NPK-NTB): Regjeringa gjer endringar i forslaget sitt til turistskatt etter høyringsrunden. Mellom anna opnar dei for at han kan sesongjusterast, og satsen blir kutta.
– For å redusere belastninga for overnattingsbransjen, blir satsen redusert frå 5 til 3 prosent, opplyser regjeringa.
Det kom fram i ei pressemelding sendt ut kort tid før næringsminister Cecilie Myrseth (Ap) skulle presentere det endelege forslaget på ein pressekonferanse.
Sjå sending frå pressekonferanse (ekstern lenke)
Cruise og bubilar må vente
Næringsministeren erkjente under pressekonferansen at mange av innspela i høyringa handla om at cruise og bubilar også burde vore inkludert i forslaget.
Det sa Myrseth seg samd i – men at det likevel må vente til neste runde med lovendringar som regjeringa tenkjer å legge fram.
Skatten kan sesongjusterast og det skal framleis vere frivillig for kommunane om dei vil innføre den.
Under pressekonferansen understreka Myrseth at ordninga skal vere enkel å administrere. Difor er det berre éin sats på tre prosent – utan moglegheit for kommunane å nytte mindre satsar.
Hausta krass kritikk
Regjeringa hausta krass kritikk då dei i sitt første forslag opna for at alle kommunar kan innføre inntil 5 prosent i avgift for all overnatting.
På Nordvestlandet vende bedriftene tommelen ned for regjeringa sitt forslag. Kommunane derimot har vore positive og ønsker ordninga velkomen.
Dei aller fleste peiker på at også cruiseturistane må betale, viste ein gjennomgang Nett No gjorde av innspela frå regionen.
Stranda kan få sju millionar årleg
Med forslaget vil Stranda kommune kunne få inntekter på sju millionar kroner i året, opplyste statsråden.
Tromsø kan få 33 millionar, Lofoten-kommunane 17 millionar, medan Bergen kan få inntekter på 83 millionar årleg.
Eit besøksbidrag på tre prosent vil for ei overnatting på 1500 kroner, utgjere 45 kroner. For ei overnatting på camping for 350 kroner, vil avgifta utgjere 11 kroner, ifølgje tal frå statsråden.
Det vil vere selskapet som har overnattingsgjestar, som får ansvar for å betale inn midlane til staten. Eit besøksbidrag må vedtakast politisk etter ei plan, der også næringslivet er teke med på råd, understreka Myrseth.
Fryktar færre arbeidsplassar av forslaget
Fleire opposisjonsparti har óg kritisert forslag, og nyleg gjekk tidlegare regjeringspartnar, Senterpartiet, ut og annonserte at dei ikkje ville støtte forslaget.
Etter at næringsministeren har lagt fram det justerte forslaget, haustar dei framleis kritikk frå Høgre.
– Konsekvensen av forslaget kan bli fleire bubilar og cruiseturistar, og færre arbeidsplassar i den tradisjonelle norske reiselivsnæringa, uttaler Tina Bru (H).
Partiet er ikkje imot eit besøksbidrag, men meiner innretninga i forslaget med fritak for cruisenæringa, bubilturistar og villcamping, blir feil.
Publisert: 10.04.2025 12:16
Sist oppdatert: 10.04.2025 17:07






