(NPK-NTB-NETT.NO) Finansministeren forstår kritikken om at cruiseturistar slepp turistskatt - men vil frede campingturistane.
– At vi skal innføre eit eige besøksbidrag for folk som har ei campingvogn, det skjer ikkje. For eg er glad for at folk har campingvogn, eg er glad i camping sjølv, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp), som sjølv var på campingferie i Danmark og Sverige i fjor sommar.
Det kom fram då finansministeren onsdag vart grilla i Stortinget av Tina Bru i Høgre for forslaget regjeringa har komme med om besøksbidrag.
Cruiseturistar slepp unna
Det opnar for at kommunane kan gå inn for å krevje inn turistskatt på overnatting.
Den nye skatten har vore ute på høyring. Mellom anna har det komme kritikk for at cruisebesøkande, dagsturistar og turistar som driv villcamping slepp unna.
– Eg ser utfordringa med cruise. Det er derfor vi har dette på høyring. Det er ei veldig relevant utfordring, seier Vedum.
I strid med regjeringa sitt forslag
Svaret frå Vedum om å unnateke campingturistar, er stikk i strid med forslaget regjeringa har sendt ut.
På spørsmål frå Adresseavisa etterpå held han fast på at han er imot å innføre eit slikt besøksbidrag på campingplassar.
– Eg er veldig skeptisk til å innføre dette spesielt for folk som har ein billig ferieform, som camping. Det kan jo vere dyrt, og med dyre campingbilar, men eg uttrykker berre mi haldning, legg han til.
Nett No har spurt Senterpartiet om ei utdjuping, men ikkje får svar då denne saka blei publisert.
I høyringa som no er avslutta kom det mellom anna inn innspel frå campingaktørar i Stryn og Sande, som var sterkt kritiske til forslaget som skal gjelde all overnatting.
Høgre kritisk til forslaget
Høgre Tina Bru reagerer på at regjeringa legg opp til at hotella må ta store delar av rekninga dersom kommunar vel å innføre turistskatt.
I forslaget frå regjeringa kan det kome ei avgift på inntil 5 prosent på overnatting.
– Det er ein del av meg som tenkjer at grunnen til at regjeringa har valt den løysinga, med å berre leggje skatten på hotella, er at det berre er enklare. For sjølvsagt er det komplisert å innføre eit system med besøksbidrag, men skal ein først gjere noko, så må ein jo treffe planken då, seier Bru.
Også Høgre er for ein turistskatt, men meiner løysinga til regjeringa treffer dårleg. Høgre-politikaren er no spent på kva som kjem ut av høyringsrunden.
– Det blir spennande å sjå om ein går tilbake på det og heller innfører eit system som folk er for, og synest er ein god idé, seier ho.
Publisert: 15.01.2025 14:37
Sist oppdatert: 15.01.2025 14:38