Ragnar yacht foto marius 33
ÅLESUND: Den russiskeeigde yachten «Ragnar» har vore i søkelyset under Ukraina-krigen og har vore til kai i Ålesund i lengre perioder. No er det ombygde supplyskipet ankra opp nord for Ålesund, for repararasjon. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Vurderer å stengje hamnene for Russland

EU har foreslått å stengje for russiske skip som ein del av sanksjonane.

06.04.2022

NPK-NTB: EU-kommisjonen la tysdag fram den femte sanksjonspakken retta mot Russland. I den inngår eit forslag om å innføre forbod mot russiske skip i EU-hamner.

Forslaget må vedtakast av alle medlemslanda i unionen. Dette forslaget er òg til vurdering i den norske regjeringa, stadfestar Nærings- og fiskeridepartementet overfor NTB.

Vil gjennomføre sanksjonpakken
– Noreg står saman med EU og andre land for å sikre at sanksjonane treffer sterkt og effektivt, og vi vil gjennomføre også denne sanksjonspakken. No vil vi gå gjennom forslaga frå kommisjonen og vurdere om det er behov for tilpassingar når pakken skal innarbeidast i norsk rett, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap).

Stengde hamner var eit av tiltaka Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj bad om då han talte til Stortinget førre veke. Etter talen gjorde statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) det klart at dette ikkje var aktuelt, og han viste til at Noreg og Russland har eit omfattande fiskerisamarbeid. Høgre-leiar Erna Solberg meinte heller ikkje det var ein god idé.

Bjørnar Skjæran Å KP feb 2022 foto Ogne
NOREG FØLGJER EU: Fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap) vil sjå på om det er behov for tilpassingar for norske forhold i forslaget om å stengje hamnene for russiske skip. Foto: Ogne Øyehaug

Unntak for mat og energi
I forslaget frå EU går det fram at det vil vere forbod for russiskdrivne skip å gå inn til EU-hamner, men at det kan gjerast enkelte unntak for nødvendige varer som landbruks- og matvarer, humanitær bistand og energi. Sanksjonspakken vart lagt fram få dagar etter at bilete frå byen Butsja vart kjende.

– Hendingane i Butsja har skaka oss alle, og må få konsekvensar for Russland, seier Skjæran.

Publisert: 06.04.2022 08:38

Sist oppdatert: 06.04.2022 09:00

Mer om