Island Offshore ser lyspunkt etter kraftig minus
HAR SNUDD: I fjerde kvartal i for byrja ordrereserven til Island Offshore å auke igjen, for første gang sidan offshorekrisa kom, og auken har forsterka seg i første kvartal i år, fortel Island Offshore-sjef Tommy Walaunet.
Nytt

Ordrevekst for første gang sidan offshorekrisa

Island Offshore-sjefen trur utnyttingsgraden til reiarlaget sine 25 fartøy blir nesten 90 prosent i år.

16.03.2022

- Eg trur vi kjem til å få eit sterkt år sysselsettingsmessig. Det spennande blir å sjå korleis ratane blir, seier Island Offshore-sjef Tomy Walaunet til NET NO.

Han ventar ein utnyttingsgrad for Island Offshorefartøya på opp mot 90 prosent i år.

Alt i januar i år varsla han at reiarlaget snart skulle ha alle sine fartøy ut av opplag og i arbeid igjen. Det er dei no, og ingen av mannskapet er lenger permitterte.

Snudde i fjerde kvartal

For første gang sidan offshorekrisa, som starta med oljeprisfallet i 2014, er ordrereserven til reiarlaget veksande igjen.

Fram til fjerde kvartal i fjor blei ordrereserven - verdien av kontraktane reiarlaget har for utleige av skipa sine - berre mindre og mindre. Men i fjerde kvartal kom ein forsiktig oppgang, og den har berre forsterka seg i første kvartal i år, seier Walaunet.

No er ordrereserven auka med 500 millionar kroner så langt i år, skriv Island Offshore på Linkedin.

Kontraktane omfattar alle marknadar, plattformforsyningsskip, ankerhandteringsfarty, Subsea-fartøy, Offshore vindkraft-fartøy og fartøy for lette brønnintervensjonar. Det er spesielt den internasjonale marknaden som er positiv, ifølgje Linkedin-innlegget.

Optimisme
Hittil i år har det kome fleire meldingar som byggjer opp under ein stigande optimisme hos offshorereiarane.

Sist ute er Westhore-meklar Sølve Høyrem som i NETT NO tysdag spådde at det innan eitt til to år vil vere så få offshorefartøy tilgjenglege at det blir behov for nybygg igjen.

Publisert: 16.03.2022 06:00

Sist oppdatert: 16.03.2022 16:10

Mer om