Ulstein-slepebåten Hugin dytta Kvitebjørn av skjeret på flo sjø søndag kveld.
Det 120 meter lange kontainerskipet Kvitbjørn til Nor Lines rende seg opp på Skarveskjeret utanfor Skeide i Ulstein rundt klokka 09.00 søndag.
Skipet kom då frå Rolls-Royce sitt anlegg i Ulstein, og skulle vidare nordover.
Farleia ut frå Ulstein er trang, og skipet skulle i utgangspunktet styre babord etter å ha passert ein markør. Men i staden for å svinge babord, har skipet fortsett rett mot land. Dette viser AIS-data.
Ifølgje opplysningar frå skipperen sat båten fast på babord side på skjeret som berre stikk rundt ein meter djupt på fjøre sjø.
Skipet stikk 5,1 meter djupt.
Redningsskøyta Emmi Dyvi var på plass med dykkarar som kunne konstatere at det ikkje var store skader på skroget.
Kvitbjørn trafikkerer ruta frå Nord-Europa, langs norskekysten og til Nordland.
Kvitbjørn er ei av to gassdrive kontainerskip til Nor-Lines, og skipstypen har fått ei rekkje prisar for godt og miljøvenleg design.
Skipstypen er utvikla i tett samarbeid med Rolls Royce og omfattar i tillegg til bruk av flytande naturgass som drivstoff, også nyvinningar innanfor skrogdesign, framdriftsanlegg og kraftproduksjon ombord.
Kvitbjørn vart overlevert frå kinesiske Tsuji Heavy Industries i februar i år.
- Det verkar som om det er noko teknisk som har svikta. Dei har heller ikkje har fått slått revers.
Ifølgje avisa skal Kvitbjørn liggje ved Rolls-Royce sitt anlegg i Ulsteinvik for å sjekkast nærare etter grunnstøytinga.
Det 120 meter lange kontainerskipet Kvitbjørn til Nor Lines rende seg opp på Skarveskjeret utanfor Skeide i Ulstein rundt klokka 09.00 søndag.
Skipet kom då frå Rolls-Royce sitt anlegg i Ulstein, og skulle vidare nordover.
Farleia ut frå Ulstein er trang, og skipet skulle i utgangspunktet styre babord etter å ha passert ein markør. Men i staden for å svinge babord, har skipet fortsett rett mot land. Dette viser AIS-data.
Ifølgje opplysningar frå skipperen sat båten fast på babord side på skjeret som berre stikk rundt ein meter djupt på fjøre sjø.
Dårleg tidspunkt
Då skipet gjekk på grunn, var det nesten flo sjø, slik at grunnstøytinga skjedde på eit dårleg tidspunkt.Skipet stikk 5,1 meter djupt.
Redningsskøyta Emmi Dyvi var på plass med dykkarar som kunne konstatere at det ikkje var store skader på skroget.
Kurs rett mot land
Skipet låg rundt 200 meter frå land, og hadde kurs rett mot fjøra på Skeide då grunnstøytinga skjedde.Kvitbjørn trafikkerer ruta frå Nord-Europa, langs norskekysten og til Nordland.
Kvitbjørn er ei av to gassdrive kontainerskip til Nor-Lines, og skipstypen har fått ei rekkje prisar for godt og miljøvenleg design.
Mange prisar
Mellom anna fekk ein Thor Heyerdahl prisen i 2014, Next Generation Ship Award i 2011, Miljøprisen – Transport & Logistikk i 2013 og Green Ship Technology i 2013.Skipstypen er utvikla i tett samarbeid med Rolls Royce og omfattar i tillegg til bruk av flytande naturgass som drivstoff, også nyvinningar innanfor skrogdesign, framdriftsanlegg og kraftproduksjon ombord.
Kvitbjørn vart overlevert frå kinesiske Tsuji Heavy Industries i februar i år.
Truleg teknisk svikt
Konsernsjef Ingvald Løyning i Det Stavangarske Dampskibsselskab, morselskapet til Nor Lines, seier til at teknisk svikt truleg er årsak til grunnstøytinga.- Det verkar som om det er noko teknisk som har svikta. Dei har heller ikkje har fått slått revers.
Ifølgje avisa skal Kvitbjørn liggje ved Rolls-Royce sitt anlegg i Ulsteinvik for å sjekkast nærare etter grunnstøytinga.
Publisert: 09.07.2015 11:57
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:45