Kabelleggingsfartøyet Orient Adventurer skal gjennom ei omfattande ombygging, og Ulstein Design & Solutions har fått design- og engineeringsoppdraget, skriv selskapet i ei pressemelding.
Ulstein Design & Solutions opplyser ikkje kontraktsummen, men skriv at oppdraget er selskapet «sin største ettermarknadskontrakt til no» og at fleire andre selskap i Ulstein Group vil bidra med å få jobben gjort.
Fartøyet var opphavleg bygde som eit offshore konstruksjonsskip på Ulstein Verft i 2014, og seinare bygd om til eit kabelleggingsfartøy.
Ved ombygging no skal tårnutstyret flyttast til nye rom på hovuddekket, og A- og B-dekka. Fartøyet vil også bli utstyrt med fundament for «walk to work»-gangvegsystem og ein 3000-tonns kabelkarusell.
Ombygginga skal vere ferdig i 2025 slik at fartøyet kan vere klart for oppdrag i 2026, ifølgje pressemeldinga.
Ulstein Design & Solutions har tidlegare fått design- og engineeringsoppdraget for ein ny bustadmodul på fartøyet.
Publisert: 27.01.2025 09:25
Sist oppdatert: 27.01.2025 10:41