Rekordloensemd for O Een Kuldeteknikk
SPARER ENERGI: Øen Kuldeteknikk har mellom anna leverer sentral til oppvarming og kjøling av nærings- og bustadbygget Sjøsida i Ulstein (i  bakgrunnen). Selskapet er eigd av Frank Øen (biletet) og Bjarne Øen.
Nytt

Rekordlønsemd for Øen Kuldeteknikk

Driftsinntektene gjekk ned, men Øen Kuldeteknikk har aldri hatt større overskot enn i fjor.

12.08.2019
8,1 millionar kroner i overskot før skatt av 24,8 millionar kroner i driftsinntekter utgjer ein resultatmargin på 33 prosent. I det førebels nest beste året, 2014, var resultatmarginen 25,6 prosent.
Frå 2012 har resultatmarginen vore 15 prosent eller høgare kvart år. Selskapet har nesten ikkje gjeld, har 11 millionar kroner på bok og eig obligasjonar for ein million kroner.
Hornindal-selskapet leverer store kulde- og varmepumpeanlegg som blir brukt til oppvarming av til forretningsbygg, institusjonar og industrianlegg. Selskapet har ni tilsette i Hornindal og får utstyr og anlegg produsert hos underleverandørar i Frankrike, Sverige og Tjekkia.

God styring

- Det bør vere såpass, seier dagleg leiar Bjarne Øen om lønsemda i selskapet.
Han har også nøkkelen til god lønsemd.
- Det som er viktig er å ha ei god økonomi- og prosjektstyring slik at du har kontroll frå du byrjar til du sluttar, seier han.
Øen anslår at resultat og driftsinntekter i 2019 blir omlag som i fjor.

Tilsett nummer ti

I løpet av hausten kjem tilsett nummer ti på plass. Selskapet har sikra seg 800 nye kvadratmeter ved bygget som det held til i på Grodås i Hornindal. Det nye lokalet skal brukast til lager.
Etter 2018 tok Frank og Bjarne Øen, som eig selskapet 50/50 ut fem millionar kroner i utbytte. Dei siste fem åra er utbytte på tilsaman 19,5 millionar kroner.
Det som er viktig er å ha ei god økonomi- og prosjektstyring slik at du har kontroll frå du byrjar til du sluttar

Publisert: 12.08.2019 12:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:38