Historisk sterk rekruttering, framleis mykje av dei eldre fiskane og god mattilgang i Nordsjøen har gitt rekordhøge målingar av tobis (havsil).
Det fastslår etter årets foskingstok med Herøy-båten Eros.
– Årets tokt gjekk veldig bra med godt vêr og gode arbeidsforhold. Vi har heller aldri sett så mykje fisk og anslår at gytebestanden er vesentleg større enn det vi har observert dei siste to tiåra, seier bestandsansvarleg Espen Johnsen.
– Det er utruleg kjekt å få vere vitne til eit slikt comeback for denne nøkkelarten i økosystemet, seier Espen Johnsen.
Han meiner norsk forsking og forvaltning kan ta ein del av æra for dei lysare tobis-tidene.
I 2011 innførte Norge eiga norsk kvote per område, med fiske i berre delar av kvart område. Dette for å bygge opp igjen tobisbestanden og sikre berekraftig fiskeri.
– Så langt tyder alt tyder på at forvaltningsmodellen funkar. Vi har sett ei stadig betring i nesten heile norsk økonomisk sone. Eg håpar og trur at vi har knekt ein kode, seier forskaren.
Det finst fleire ulike typar tobis, men felles er at han beitar i perioden april til juli.
Resten av året er fisken nedgravd i sanden, med unntak av rundt juletider då han normalt kjem fram på dagtid ettersom gytinga skjer om vinteren.
Det fastslår etter årets foskingstok med Herøy-båten Eros.
Aldri sett så mykje fisk
Toktet vart avslutta 13. mai, og i det endelege kvoterådet for tobis rår Havforskingsinstituttet til eit fiske på opptil 250 000 tonn basert på dagens haustingsregel. Det er nøyaktig det dobbelte av fjorårets kvoteråd. .– Årets tokt gjekk veldig bra med godt vêr og gode arbeidsforhold. Vi har heller aldri sett så mykje fisk og anslår at gytebestanden er vesentleg større enn det vi har observert dei siste to tiåra, seier bestandsansvarleg Espen Johnsen.
Historisk god rekruttering
Nokre av funna som gjer at forskarane no kan rå til den massive kvoteauken:- Tobisen var jamt fordelt mellom dei sørlege fiskebankane.
- Tre av dei fire siste årsklassane var over middels sterke for første gong i toktserien.
- Rekrutteringa (2019-årsklassen) er historisk sterk.
- Den svært sterke 2016-årsklassen er framleis talrik.
- Mykje dyreplankton i sjøen og i magane til tobisane har gitt god individuell vekst.
Comeback
I tillegg til registreringar på ekkoloddet, såg forskarane tobis som kokte på blankt hav og fugl og kval som meska seg.– Det er utruleg kjekt å få vere vitne til eit slikt comeback for denne nøkkelarten i økosystemet, seier Espen Johnsen.
Han meiner norsk forsking og forvaltning kan ta ein del av æra for dei lysare tobis-tidene.
- Knekt ein kode
Tobisane lever dels nedgravne i sandbotn, og bestanden deler seg derfor inn i sandbankar på avgrensa område i Nordsjøen.I 2011 innførte Norge eiga norsk kvote per område, med fiske i berre delar av kvart område. Dette for å bygge opp igjen tobisbestanden og sikre berekraftig fiskeri.
– Så langt tyder alt tyder på at forvaltningsmodellen funkar. Vi har sett ei stadig betring i nesten heile norsk økonomisk sone. Eg håpar og trur at vi har knekt ein kode, seier forskaren.
Runde-forsking
Tobisen er viktig for sjøfuglen, og ved Runde Miljøsenter er det i gang eit omfattande forskingsprosjekt for å få meir kunnskap om denne fisken.Det finst fleire ulike typar tobis, men felles er at han beitar i perioden april til juli.
Resten av året er fisken nedgravd i sanden, med unntak av rundt juletider då han normalt kjem fram på dagtid ettersom gytinga skjer om vinteren.
Det er utruleg kjekt å få vere vitne til eit slikt comeback for denne nøkkelarten i økosystemet,
Publisert: 15.05.2015 22:02
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57