NPK-NTB: For første gong i Mowis nær 60 år lange historie hadde selskapet ei inntening på over ein milliard euro, med eit samla operasjonelt driftsresultat på 1.005 millionar euro i 2022, skriv Mowi i ei børsmelding onsdag.
Samla inntekter på 4.946 millionar euro var også ny rekord for selskapet.
I fjor produserte Mowi 464.000 tonn laks, 4.000 tonn over det som vart estimert for eit år sidan. I Noreg vart det produsert rekordhøge 294.000 tonn.
Fryktar grunnrenteskatten
I meldinga skriv oppdrettsgiganten at dei har ambisjonar om å halde fram veksten i Noreg, men at dei er redd regjeringsforslaget om grunnrenteskatt på havbruksnæringa vil hindre dette.
– Regjeringsforslaget om å innføre eit samla skattetrykk på 62 prosent på norsk havbruksnæring, eller om lag 80 prosent med formuesskatt, vil sparke beina under framtidsutsiktene for Kyst-Noregs viktigaste næring, seier konsernsjef i Mowi, Ivan Vindheim.
– Havbruksnæringa sysselset i dag 60.000 menneske langs kysten, og til sjuande og sist er det dei, og dessutan framtidige arbeidsplassar, dette vil gå ut over, seier konsernsjefen vidare.
Mowi er i dag det største sjømatselskapet i verda med John Fredriksen som dominerande eigar.
Mowi ASA | ||
Tal i mill. euro | 2022 | 2021 |
Driftsinntekt | 4946 | 4208 |
Driftsresultat | 1054 | 602 |
Resultat før skatt | 1001 | 593 |
Publisert: 15.02.2023 09:45
Sist oppdatert: 15.02.2023 13:35