Nordmand maximus foto wikimedia commons 11
OFFSHOREKJEMPE: Normand Maximus er det største offshoreskipet bygd ved eit norsk verft, men har vore følgt av uheldige episodar. Foto: Wikimedia Commons
Nytt

Rekordskip frå Vard får ny eigar

Røkke-eigde American Shipping tek over offshoreskip som har vore følgt av problem.

Marius Rosbach
12.05.2022

Solstad Offshore melder torsdag at American Shipping Company (AMSC ) har kjøpt offshoreskipet Normand Maximus for ein ukjent sum.

Det nær 178 meter lange og 33 meter breie skipet som vart utrusta ved Vard Brattvåg, er det største offshoreskipet som er bygd ved eit norsk verft.

Skipet var også det dyraste skipet Vard-konsernet hadde bygd, inntil oppdraget med Kjell Inge Røkke sitt Rev Ocean-skip kom inn i ordreboka.

Ut i femårs-oppdrag
Solad opplyser i børsmeldinga at dei har opplevd sterk interesse for å hyre skipet til oppdrag etter dagens kontrakt går ut ved slutten av året.

Reiarlaget har blitt samde med AMSC om en «bare-boat» kontrakt, som inkluderer kjøp av skipet. AMSC Kjell Inge Røkke er hovudeigar i selskapet, med base på Lysaker.

Avtalen med eit dotterselskap av Solstad, inneberer at Nordmand Maximus forblir ein del av Solstad-flåten, med ein kontraktsperiode på fem år med eit av AMSC sine dotterselskap.

Millardkrav knytt til skipet
Avtalen gjer også at det tidlegare eigarselskapet gjer opp gjenståande krav knytt til skipet. Ifølgje meldinga er kravet på 158 millionar amerikanske dollar - drygt 1,5 milliardar kroner.

Som følgje av avtalen vil det resterande kravet bortfalle ved utgangen av mars 2024, blir det opplyst i meldinga.

Dødsulukke og kontraktskrangel
Skipet har vore følgt av uheldige episodar. Allereie under bygging i Brattvåg-verftet sleit skroget seg under ekstremveret «Tor» i 2016. Seinare blei leveringa forseinka, og prislappen skal til slutt å ha kome på kring tre milliardar kroner.

I 2017 skjedde ei dødsulukke om bord då skipet var utanfor kysten av Brasil. Ein tilsett i oljeserviceselskapet Baker Hughes mista livet under trykktesting av anlegget som førte gass om bord frå eit oljefelt.

I fjor fekk Solstad gjennomslag i ein krangel med oljeserviceselskapet Saipem om eit terminert langtidskontrakt dei hadde på skipet. Det enda med at dotterselskapet til reiarlaget fekk 48,2 millionar dollar – eller drygt 400 millionar kroner.

Publisert: 12.05.2022 18:45

Sist oppdatert: 13.05.2022 12:40

Mer om