Ulstein Bil foro Ulstein bil
GOD START: Så langt i år er det ingen teikn til at interessa og viljen til å kjøpe bil har dabba av, ifølgje dagleg leiar Gunnar Olav Eiksund i Ulstein Bil. Foto: Ulstein Bil
Nytt

Rekordår for Ulstein Bil

I løpet av tre år har Ulstein Bil auka inntektene fra 50 til 81 millionar kroner.

12.04.2022

Hyundai og Maza-forhandlaren Ulstein Bil sette ny inntektsrekord for tredje år på rad i fjor, og ligg så langt i år betre an enn på same tidspunkt i 2021.

- Vi ligg foran fjoråret resultatmessig, seier dagleg leiar Gunnar Olav Eiksund.

I 2021 selde han og kollegane 243 bilar, 100 av dei nye.

Oppsving med ny modell
-Vi fekk ein bra boost i siste halvår då ny Hyundai Ionic 5 kom, seier Eiksund.

Det er ein elbil som er større enn ein anna elbil frå Hyundai, Hyundai Kona.

Også bruktbilsalet gjekk bra ifjor, og no i år merkar Eiksund også ein auka etterspørsel etter brukte elbilar.

Dei etterspurte brukte elbilane er i prisklassa 150.000 - 250.000 kroner. Så langt har Eiksund ikkje annonsert dei for sal fordi han har ei liste med kundar som vil bli varsla når Ulstein Bil får inn brukte elbilar.

Ventetid
Så langt har ikkje Eiksund registrert teikn til at interessa og vilje for å kjøpe bil har dabba av.

Det som han trur blir utfordringa, er at leveringstiden blir enda lenger på grunn av krigen i Ukraina.

Lange leveringstider kom med elbilane, og for den nyaste modellen, Hyundai Ionic 5 er det i dag sju månaders ventetid, med den Kona-modellen kan leverast på fem-seks veker.

Ulstein Bil as
Tal i mill. kroner20212020
Driftsinntekt81,774,3
Driftsresultat2,6

1,6

Resultat før skatt2,11,8

Publisert: 12.04.2022 14:00

Sist oppdatert: 12.04.2022 15:59

Mer om