Åge co
PARTNERAR: Thorsteinn Mar Baldvinsson, Magnus Roth og Åge Remøy satsa saman på å byggje opp eit nytt offshoreselskap. No har dei snart 16 skip i flåten. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Rem kjøper fire forsyningsskip

Overtek skipa frå japansk selskap.

17.12.2021

Rem Offshore-sjef Fredrik Remøy stadfestar at reiarlaget kjøper fire forsyningsskip.

Skipa har vore eigd av K Line Offshore AS i Arendal, eit datterselskap av japanske Kawasaki Kisen Kaisha, Ltd.

Det er forsyningskipa Barentsfjord, Brisfjord, Brofjord og Brevikfjord som no blir Rem Offshore-fartøy. Eitt skip opererer i norsk og tre i britisk sektor i Nordsjøen. Eigarskiftet skjer i januar 2022.

Avviklar med milliardtap
K Line Offshore sine to ankerhandteringsfartøy blir seld til Borealis Maritime og K Line Offshore bli avvikla.

K Line Offshore blei etablert i 2007. Selskapet har hatt det tøft etter oljeprisfallet den japanske eigaren konkluderte til slutt med at det var best å selje fartøya og avvikle selskapet, går det fram av ei pressemelding frå Kawasaki Kisen Kaisha.

Det japanske selskapet går ut av offshoresatsinga med eit bokført tap på 1,3 milliardar kroner, ifølgje pressemeldinga.

Gryande optimisme
Rem Offshore kjøper skipa i ein marknad der det er ein gryande optimismen i offshore, med forventingar om at kundane som vil leige skipa kjem til å betale meir neste år enni år, og enda meir i 2023.

Forventingar om stigande etterspørsel kombinert med færre skip i marknaden, fleire skip sendt til opphogging eller til anna bruk, ingen nybyggingsaktivitet og minkande sjanse for at skip i opplag til tatt i bruk igjen ligg bak optimismen.

Publisert: 17.12.2021 12:56

Sist oppdatert: 17.12.2021 13:27

Mer om