Rett opp for moebelhandelen
OPPSVING FOR BRANSJEN: Margrete Sørensen og Dag Tore Hagen i Møbelringen i Hovdebygda ligg godt over 2019-nivået, og det gjer resten av møbelhandel-bransjen og. Kundane kom raskt tilbake etter at koronaepidemien kom, og kjøper møblar i mengder som dei ikkje har gjort på fleire år. 
Nytt

Rett opp for møbelhandelen

I mars såg alt svart ut for Møbelringen i Hovdebygda. No ligg dei 17 prosent over salet på same tid i fjor. 

11.09.2020
Margrete Sørensen og Dag Tore Hagen har i mange år gjort Møbelringen i Hovdebygda (Møbelhuset Ørsta as) til ein av dei mest lønsame møbelhandlarane på Nordvestlandet.
I 2019 var butikken i særklasse den mest lønsame i regionen (sjå oversikt i tabell - på mobil finn du tabellen nederst på sida).
Då koronaepidemien kom og dei strenge smitteverntiltaka vart innført i mars, permitterte dei alle tilsette 50 prosent. I januar og februar auka salet, men nedgangen i mars gjorde at butikken etter tre månader var tilbake på same nivå som dei tre første månadane i 2019.

Tok av i mai

I april auka salet igjen, men det var berre ein forsmak på det som skulle kome.
- Etterpå tok det skikkeleg av, seier Dag Tore Hagen.
Så langt i år har butikken auka salet med 17 prosent samanlikna med same tidsrom i 2019.
Frode Nakken i den frittståande butikken Møbler & Miljø sa tidleg i juni at butikken hadde fått eit kraftig oppsving etter at handelen bråstoppa då koronatiltaka kom. Veksten har berre halde fram, og forretninga ligg betydeleg over salet i same periode i fjor seier Nakken i dag.
Også dagleg leiar Stefan Skrede hos Skeidar Ålesund melder om eit sal "eit godt stykke foran" salet på same tid i 2019.

Vekst for bransjen

Butikkane på Nordvestlandet er ikkje åleine om å få eit solid oppsving i salet. Veksten er typisk for bransjen.
Tal frå bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen Virke viser at møbel- og interiørbutikkane auka salet med 11,7 prosent i mai i år samanlikna med mai 2019.
Tilsvarande tal for juni er 35 prosent vekst, for juli 28,9 prosent og for august 31 prosent.

Travelt i fabrikkane

Auka møbelsal merkast også i fabrikkane.
- I fjor hadde mange av fabrikkane som leverer til kjedene i Noreg - i sum, eit litt svakt år, seier Egil Sundet, som er bransjesjef for designindustrien i bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen Norsk Industri. Designindustrien omfattar mellom anna møbelindustrien.
I mars og april stupte etterspørselen, i mai snudde det.
- Juni, juli og august har vore rekordmånadar, seier Sundet.

Bryt negativ trend

Slik det ser ut i dag vil møbelhandlarane på Nordvestlandet i år bryte ein langvarig trend og få eit oppsving i salet i år - og vonleg og ein auke i lønsemda.
Møbelbutikkane på Nordvestlandet selde møblar for 278 millionar kroner i 2019.
For femte år på rad hadde dei nedgang i salet, og sju av 12 møbelforretningar hadde underskot i 2019 (sjå tabell - på mobil finn du den nederst på lista).
Til samanlikning: I 2015 selde møbelhandlarane på Sunnmøre og i Nordfjord for 325 millionar kroner og sat att med eit resultat før skatt på 19 millionar (5,8 prosent av driftsinntektene).

Fagmøbler økte mest

Fagmøbler-kjeden hadde den største veksten i fjor, viser ei oversikt frå Virke.
Fagmøbelbutikkene auka salet med 8,6 prosent samanlikna med 2018. Jysk auka med 6,4 prosent, Bohus med seks prosent Ikea med 5,6 prosent og Møbelringen med 2,5 prosent.
På minussida kom Bolia (minus 8,4 prosent ), Slettvoll (minus 4,9 prosent), A-Møbler (minus to prosent) og Illums Bolighus (minus 0,4 prosent). Sekkeposten andre, som omfattar frittståande butikkar utanom kjedene, hadde ein nedgang på 7,6 prosent:
Statistikken viser og at møbelhandelen i Noreg er dominert av eit fåtal kjeder. Ikea hadde ein marknadsandel på 40,9 prosent i fjor, Bohus 12,9 prosent, Jysk 11 prosent, Skeidar 10 prosent, Møbelringen 7,8 prosent og Fagmøbler 4,7.
Juni, juli og august har vore rekordmånadar

Publisert: 11.09.2020 10:56

Sist oppdatert: 20.03.2021 07:25