Det familieeigde fiskebåtreiarlaget Roaldsnes as på Valderøya har forgjeves søkt om å få bygge fiskebåten "Molnes" om til ein komplett og moderne fabrikktrålar. Reiarlaget, som sysselsette 90 årsverk i fjor, fekk nei både på søknaden og anken.
No blir "Molnes" bygd om likevel, men utan den fabrikken dagleg leiar Tore Roaldsnes opphavleg såg for seg. Planen var å forlengje "Molnes" med 20 meter, for å få plass til ei filetproduksjonsline. Roaldsnes seier han ikkje vil ta sjansen på den investeringa så lenge det er usikkert om det kan bli lov å installere filetproduksjonsline seinare. No nøyer han seg med sette inn kappe- og sløyeanlegg og eit anlegg for behandling av biprodukt.
- Filetproduksjon må kome i samband med eit nybygg, seier Roaldsnes.
Ei avgjerd om å bygge nytt kjem neppe før neste år. Då vonar Roaldsnes at regjeringa har sikra seg brei politisk støtte for ein fiskeripolitikk som gjer at også eigarar av frysetrålarar kan drive filetproduksjon om bord.
Kostnadar og inntektstap i samband med ombyggingane, saman med store avskrivingar på innkjøpte fiskekvotar og høge finanskostnadar har vore med på å trekkje ned resultatet dei siste åra. Fram til prisane tok til å stige på torsk og annan kvitfisk utover i andre halvår i år fekk ikkje Roaldsnes så god hjelp av marknaden heller.
I fjor kunne selskapet bokføre ein gevinst på 31 millionar kroner på salet av "Langenes" til Engenes Fiskeriselskap i Nord-Noreg. Den gevinsten sikra overskot i reknskapen (sjå tabell).
Salet var ein del av ein byttehandel, der Roaldsnes fekk fiskebåten "Stornes" i bytte for å halde oppe aktiveten når "Molnes" blir bygd om.
Roaldsnes vil ikke oppgi halvårstala for reiarlaget, ut over å seie at: - 2015 blir eit veldig godt år.
Selskapet har ei gjeld på 437 millionar kroner og ein bokført negativ eigenkapital på 16 millionar kroner. Tore Roaldsnes seier den reelle sitausjonen er langt betre, takka vere skjulte verdiar i både farty og fiskekvotar.
- Drifta har vore god heile tida, og den verdijustere eigenkapitalen i bedrifta er betydeleg, seier Roaldsnes.
No blir "Molnes" bygd om likevel, men utan den fabrikken dagleg leiar Tore Roaldsnes opphavleg såg for seg. Planen var å forlengje "Molnes" med 20 meter, for å få plass til ei filetproduksjonsline. Roaldsnes seier han ikkje vil ta sjansen på den investeringa så lenge det er usikkert om det kan bli lov å installere filetproduksjonsline seinare. No nøyer han seg med sette inn kappe- og sløyeanlegg og eit anlegg for behandling av biprodukt.
- Filetproduksjon må kome i samband med eit nybygg, seier Roaldsnes.
Ei avgjerd om å bygge nytt kjem neppe før neste år. Då vonar Roaldsnes at regjeringa har sikra seg brei politisk støtte for ein fiskeripolitikk som gjer at også eigarar av frysetrålarar kan drive filetproduksjon om bord.
Omfattande ombygging
I 2013 bygde Roaldsnes om "Langenes", i 2014 "Roaldsnes" og i år altså "Molnes" (tidlegare "Volstad"). Til saman er det snakk om investeringar på 75 millionar kroner i ombyggingar og vedlikehald.Kostnadar og inntektstap i samband med ombyggingane, saman med store avskrivingar på innkjøpte fiskekvotar og høge finanskostnadar har vore med på å trekkje ned resultatet dei siste åra. Fram til prisane tok til å stige på torsk og annan kvitfisk utover i andre halvår i år fekk ikkje Roaldsnes så god hjelp av marknaden heller.
I fjor kunne selskapet bokføre ein gevinst på 31 millionar kroner på salet av "Langenes" til Engenes Fiskeriselskap i Nord-Noreg. Den gevinsten sikra overskot i reknskapen (sjå tabell).
Salet var ein del av ein byttehandel, der Roaldsnes fekk fiskebåten "Stornes" i bytte for å halde oppe aktiveten når "Molnes" blir bygd om.
Godt år i år
Samanlikna med gjennomsnittet i fjor ligg torskeprisane hittil i år rundt 24 kroner pr kilo, medan dei i fjor var rundt 18 kroner kiloen. Også andre kvitfiskslag, som sei, har stige i pris.Roaldsnes vil ikke oppgi halvårstala for reiarlaget, ut over å seie at: - 2015 blir eit veldig godt år.
Selskapet har ei gjeld på 437 millionar kroner og ein bokført negativ eigenkapital på 16 millionar kroner. Tore Roaldsnes seier den reelle sitausjonen er langt betre, takka vere skjulte verdiar i både farty og fiskekvotar.
- Drifta har vore god heile tida, og den verdijustere eigenkapitalen i bedrifta er betydeleg, seier Roaldsnes.
Publisert: 10.07.2015 10:14
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:45






