- Dette er ein tung dag, den tyngste sidan eg starta i selskapet for fire år sidan.
- Det vert nok ikkje noko betre i morgon. Dette er tøffe beskjedar å få, sjølv om vi ikkje er åleine som må kutte, seier kommunikasjonsdirektør Anette Bonnevie Wollebæk i Rolls-Royce.
- Vi er rundt 2.300 tilsette i Norge, så det er snakk om omfattande kutt, seier Bonnevie Wollebæk.
Dei siste kutta kjem i tillegg til ei kuttrunde mellom leiarar og mellomleiarar. Då vart det gitt eit sluttpakketilbod på seks månaders etterløn.
Etter det NETT NO kjenner til, vert det ikkje gitt tilsvarande sluttpakketilbod i denne siste runda.
Bonnevie Wollebæk seier at det er gitt ein del informasjon om både vilkår og korleis kutta skal gjennomførast.
- Men dette vil vi ta med dei tilsette først, seier ho.
På Sunnmøre skal det vere allmøter på Longva, i Brattvåg, i Ålesund, i Hjørungavåg og to i Ulsteinvik, både i produksjonen og i "gullblokka".
- Vi kan seie meir i morgon ettermiddag, seier Bonnevie Wollebæk.
Divisjonen skal ha totalt 600 færre tilsette ved slutten av året.
Totalt har Rolls-Royce tilsette i 34 land i marinedivisjonen, men halvparten av kutta skal altså takast i Norge.
- Det er aldri ei lett avgjersle å foreslå kutt i bemanning, men dette er eit teikn på den krevjande markneden vi opererer i, seier Makinen.
Han lovar at selskapet skal samarbeide tett med dei tilsette og tilsette sine representantar i denne omleggingsfasen.
- Det vert nok ikkje noko betre i morgon. Dette er tøffe beskjedar å få, sjølv om vi ikkje er åleine som må kutte, seier kommunikasjonsdirektør Anette Bonnevie Wollebæk i Rolls-Royce.
Tek halvparten av kutta i Norge
Konsernleiinga i marinedivisjonen gav måndag beskjed om at 600 tilsette av dei totalt 6.000 tilsette i denne divisjonen skal fjernast. Heile 300 av desse skal takast i Norge.- Vi er rundt 2.300 tilsette i Norge, så det er snakk om omfattande kutt, seier Bonnevie Wollebæk.
Dei siste kutta kjem i tillegg til ei kuttrunde mellom leiarar og mellomleiarar. Då vart det gitt eit sluttpakketilbod på seks månaders etterløn.
Etter det NETT NO kjenner til, vert det ikkje gitt tilsvarande sluttpakketilbod i denne siste runda.
Bonnevie Wollebæk seier at det er gitt ein del informasjon om både vilkår og korleis kutta skal gjennomførast.
- Men dette vil vi ta med dei tilsette først, seier ho.
Ni allmøter
Rolls-Royce-leiinga skal tysdag gjennomføre allmannamøter på alle lokasjonane i Norge. Det er tre i Bergen og seks på Sunnmøre.På Sunnmøre skal det vere allmøter på Longva, i Brattvåg, i Ålesund, i Hjørungavåg og to i Ulsteinvik, både i produksjonen og i "gullblokka".
- Vi kan seie meir i morgon ettermiddag, seier Bonnevie Wollebæk.
Aukar kutta
Det var i at Rolls-Royce gjorde det klart at selskapet intensiverer kostnadskutta for den marine divisjonen.Divisjonen skal ha totalt 600 færre tilsette ved slutten av året.
Totalt har Rolls-Royce tilsette i 34 land i marinedivisjonen, men halvparten av kutta skal altså takast i Norge.
Omorgansering
Samstundes seier Mikael Makinen, direltør i Rolls-Royce Marine at marinedelen av konsernet skal omorganiserast.- Det er aldri ei lett avgjersle å foreslå kutt i bemanning, men dette er eit teikn på den krevjande markneden vi opererer i, seier Makinen.
Han lovar at selskapet skal samarbeide tett med dei tilsette og tilsette sine representantar i denne omleggingsfasen.
Dette er tøffe beskjedar å få
Publisert: 18.05.2015 16:20
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:44