Trygve slagsvold Vedum skjermfoto Stortinget no
SPØRRETIMEN: Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) under Stortingets spørretime onsdag. Skjermfoto: Stortinget.no
Nytt

Rosa spørsmålet – men svara ikkje

Finansministeren forsvara skattenivået då han vart utfordra av Alfred Bjørlo (V) i Stortinget.

Marius Rosbach
29.03.2023

Alfred Bjørlo (V) fekk svar frå finansminister Trygve Slagsvold Vedum, etter å ha utfordra næringsministeren, om han meiner det er greitt at norske eigarar må skatte meir enn utanlandske.

NETT NO omtala før helga spørsmålet Venstre-politikaren ville stille i Stortinget sin spørjetime onsdag. Ettersom spørsmålet dreia seg om skatt, blei det oversendt til finansministeren, for at han skulle svare.

– Eit retorisk godt formulert spørsmål, innleia Vedum sitt svar som i hovudsak var eit forsvar for skattenivået regjeringa har lagt seg på.

– Vi vil aldri vere det landet som er best på skatt, men vi er samtidig mellom dei landa med flest millionærar og milliardærar i verda - fordi det er mogleg å tene seg rik her i landet, haldt Vedum fram.

Finansministeren gjekk ikkje inn på skilnaden i skattebelastinga for norske og utanlandske eigarar, men viste fleire gonger til skatteforliket i Stortinget i 2016. Vedum meiner regjeringa sin skatteskjerpingar er innafor det stortingsfleirtalet blei samde om på det tidspunktet.

Uroa for den norske eigarskapen
Stortingspolitikar Alfred Bjørlo er uroa for at den norske eigarskapen i næringslivet er svekka og har vore mellom dei som har støtte aksjonen for å fjerne formuesskatten på arbeidande kapital.

- Det er to element som er viktige her: Eit føreseieleg system som gjer at det er mogleg å planlegge langsiktig. Også det må vere eit system som bygger oppunder mangfaldig eigarskap – inkludert norske eigarar, repliserte Bjørlo.

Dagens situasjon møtte ikkje nokre av desse to behova, meinte han.

Meiner skatterekninga i praksis er dobla
Regjeringa har i sine svar gjerne vist til at prosentsatsen for formuesskatt er lågare i dag enn for ti år sidan.

Det er langt frå heile bilde, påpeika Bjørlo. Han viste til at mange bedriftseigarar i praksis har fått dobla rekninga til formuesskatt og utbyttesskatt dei siste to åra – slik mellom anna Knut Flakk har lagt fram dokumentasjon på.

- Det er dette som er med å skape det opprøret som vi ser rundt om, sa Bjørlo og ville vite om finansministeren var samd i at nivået på formuesskatt og utbytteskatt handla om den samla skattlegginga av bedrifter.

Heller ikkje her kom Vedum med eit svar på spørsmålet. Han var heller ikkje konkret på om utviklinga med eit skjerpa skattenivå ville halde fram - men regjeringa har signalisert at dei ikkje planlegg nye større skatteauker som vil ramme næringslivet.

Publisert: 29.03.2023 16:04

Sist oppdatert: 29.03.2023 16:04

Mer om