Det er tomt for gjestar ved Hotel Alexandra i Loen. Likevel er det mykje som skjer ved delar av hotellet som no er under oppussing. Medan dei aller fleste tilsette er permitterte, blir til saman 76 rom pussa opp. Når jobben er ferdig, har hotellet fullført ei oppgradering på kring 180 millionar i løpet av dei siste åra.
– Den dagen vi såg alle inntektene våre forsvinne ned i sluket, kunne vi sett stopp, slik at vi ikkje drog med oss fleire utgifter. Men dette er ei investering som gjerast fordi vi har tru på framtida. Ein dag er denne krisa over, og då trur vi det er viktig at vi står fram endå betre for gjestane, seier hotelldirektør Richard Grov til NETT NO.
For nokre år sidan stod eit nytt bygg klart, og sidan har dei snudd om ein del av funksjonane ved hotellet. Fleire rom, ny møteavdeling, treningssenter og personalinngang er mellom investeringane som er gjort.
– Det er mykje lokalpatriotisme som styrer oss når vi gjer slikt arbeid. Vi har jobba saman med desse bedriftene i mange år og blitt ein fin gjeng. Alle er konkurransedyktige på våre felt og opptekne av kvalitet, seier Grov.
Arbeidet har vore planlagt i lengre tid, men hotelldirektøren legg ikkje skjul på at det har nokre fordelar å pusse opp utan gjestar i hus.
– Vi slepp å ta omsyn til støy og slikt, så det er litt meir effektivt. Vi reknar med å vere ferdige i april-mai, seier han.
– Frå perioden 15. mars til 13. april har vi rekna ut at vi kjem til å tape 22 til 24 millionar i inntekter. Så veit vi at det også er masse kanselleringar etter den perioden, seier hotelldirektøren.
Uansett kor lenge tiltaka smittetiltaka varer, har Grov lita tru på at reiselivet i regionen vil ha særleg med utanlandske gjestar denne sesongen.
– Dette blir eit svært utfordrande år for alle, og resultata vil få konsekvensar for mange år framover. Eigenkapitalen blir redusert og den må byggjast opp igjen. Det er ein krevjande prosess, påpeiker han.
– Eg håpar at det blir såpass fart i hjula at alle som er ute i permisjon kjem tilbake i jobb så snart som mogleg, men vi kan ikkje love at alle tilsette blir tatt inn att med ein gong, seier han.
Førebels ventar dei spent på kva regjeringa kjem med på ein pressekonferanse dagen før skjærtorsdag. Då er det venta ei avklaring om kor lenge dei strengaste smitteverntiltaka vil vare.
– Då veit vi litt meir, og vi kjem til å vere lojale til det Folkehelseinstituttet og regjeringa kjem med, avsluttar Grov.
– Den dagen vi såg alle inntektene våre forsvinne ned i sluket, kunne vi sett stopp, slik at vi ikkje drog med oss fleire utgifter. Men dette er ei investering som gjerast fordi vi har tru på framtida. Ein dag er denne krisa over, og då trur vi det er viktig at vi står fram endå betre for gjestane, seier hotelldirektør Richard Grov til NETT NO.
For nokre år sidan stod eit nytt bygg klart, og sidan har dei snudd om ein del av funksjonane ved hotellet. Fleire rom, ny møteavdeling, treningssenter og personalinngang er mellom investeringane som er gjort.
– Mykje lokalpatriotisme
Alle handverksbedriftene er lokale – og det same er mykje av innkjøpa som gjerast. Møblar, interiør og senger kjem stort sett frå ulike bedrifter på Nordvestlandet.– Det er mykje lokalpatriotisme som styrer oss når vi gjer slikt arbeid. Vi har jobba saman med desse bedriftene i mange år og blitt ein fin gjeng. Alle er konkurransedyktige på våre felt og opptekne av kvalitet, seier Grov.
Arbeidet har vore planlagt i lengre tid, men hotelldirektøren legg ikkje skjul på at det har nokre fordelar å pusse opp utan gjestar i hus.
– Vi slepp å ta omsyn til støy og slikt, så det er litt meir effektivt. Vi reknar med å vere ferdige i april-mai, seier han.
Minst 22-24 millionar i tapte inntekter
Også då 300-millionarssatsinga Loen Skylift blei bygd, var brorparten av investeringa lagt igjen hos lokale firma. No har både turistmagneten, to hotell og reiselivsselskapet Loen Active stengt ned.– Frå perioden 15. mars til 13. april har vi rekna ut at vi kjem til å tape 22 til 24 millionar i inntekter. Så veit vi at det også er masse kanselleringar etter den perioden, seier hotelldirektøren.
Uansett kor lenge tiltaka smittetiltaka varer, har Grov lita tru på at reiselivet i regionen vil ha særleg med utanlandske gjestar denne sesongen.
– Dette blir eit svært utfordrande år for alle, og resultata vil få konsekvensar for mange år framover. Eigenkapitalen blir redusert og den må byggjast opp igjen. Det er ein krevjande prosess, påpeiker han.
Les også:
Kan ikkje love jobb til alle
250 tilsette er permitterte – inkludert Grov sjølv – og han seier det har vore heilt nødvendig. Personalsjefen ved hotellet er ikkje permittert og kan difor hjelpe dei tilsette i denne vanskelege perioden.– Eg håpar at det blir såpass fart i hjula at alle som er ute i permisjon kjem tilbake i jobb så snart som mogleg, men vi kan ikkje love at alle tilsette blir tatt inn att med ein gong, seier han.
Førebels ventar dei spent på kva regjeringa kjem med på ein pressekonferanse dagen før skjærtorsdag. Då er det venta ei avklaring om kor lenge dei strengaste smitteverntiltaka vil vare.
– Då veit vi litt meir, og vi kjem til å vere lojale til det Folkehelseinstituttet og regjeringa kjem med, avsluttar Grov.
Les meir:
Koronakrisen:
Reiselivssjef:
Frå perioden 15. mars til 13. april har vi rekna ut at vi kjem til å tape 22 til 24 millionar i inntekter
Publisert: 02.04.2020 05:55
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:55