Roekke og Remoey maa vente til mars
STRIDENS KJERNE: Aker Biomarine kjøpte krilltrålaren Juvel etter konkursen i Emerald Fisheries, men var produksjonteknologien med på kjøpet? Det ventar Aker Biomarine og Rimfrost på at lagmannsretten skal avgjere.
Nytt

Røkke og Remøy må vente til mars

Dommen i rettsaka mellom Aker Biomarine og Rimfrost kjem først i midten av mars.

20.02.2020
Frostating lagmannsrett varsla først at dommen skulle vere klar i midten av januar i år. Då blei den utsatt til starten av februar, før den blei utsett på ubestemt tid.

No seier retten at dommen kan ventast "medio mars" i år.

Strid om patent

Aker Biomarine og Rimfrost strides om retten til produksjonsteknologien ombord i krilltrålaren Juvel. Begge partar i rettsaka i lagmannsretten før jul i 2019 sa at eit nederlag ville vere alvorleg for dei. Aker Biomarien er eigd av Aker-konsernet, med Kjell Inge Røkke som dominerande eigar. Rimfrost er eigd av Stig Remøy.
Striden mellom Aker Biomarine og Rimfrost og søsterselskapet Rimfrost Technologies gjeld retten til produksjonsteknologien ombord i krilltrålaren Juvel, som Aker Biomarine kjøpte etter at eigaren, krillfiskereiarlaget Emerald Fisheries - med Stig Remøy som hovudeigar - blei slått konkurs i 2017.
Aker Biomarine meiner retten til teknologien var med på kjøpet, Rimfrost at teknologien tilhøyrer Rimfrost.

Millionkostnad

Sakskostnadane etter rettsaka i lagmannsretten er på til saman 10,3 millionar kroner, viser krava som advokatselskapa Bahr og Wiersholm har sendt til retten.
Dette er ei rekning som den tapande part må rekne med å betale.
I tingretten var sakskostnadane 5,2 millionar kroner.


Publisert: 20.02.2020 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:53