Søksmålet som Lars Oscar Øvstegård og fleire bedriftseigarar har gått til om formuesskatten er forkasta av Frostating lagmannsrett, melder Sunnmørsposten.
Lagmannsretten kom dermed til same konklusjon som Sunnmøre tingrett gjorde tidlegare i haust.
Saksøkarane må samtidig betale 25 900 kroner i sakskostnader til staten.
Vil anke til Høgsterett
Øvstegård fortel til avisa at dei vil anke til Høgsterett.
– Dette var som forventa. Eg var førebudd. Det hadde vore eit større sjokk om det ikkje hadde gått til Høgsterett, seier han.
Saman med fleire bedriftseigarar på Sunnmøre har ørstingen gått til søksmål mot staten for å fjerne formuesskatt på arbeidande kapital.
Saksøkarane vil ha erstatning eller tilbakebetalt beløp dei meiner å ha betalt for mykje i skatt. Vidare meiner dei at formuesskatten er i strid med både grunnlova og menneskerettane.
«Ryddig og grundig»
Ole Kristian Rigland og Kristoffer Nerland hos Regjeringsadvokaten har saka på vegner av Finansdepartementet.
«Lagmannsretten behandler argumentene fra saksøkerne ryddig og grundig, men som sakskostnadene gir uttrykk for har dette ikke vært en veldig krevende sak», skriv dei i ei uttale.
«Det betyr ikke at det er umulig å saksøke staten om formuesskatten. Som vi har sagt hele veien, må det gjøres på riktig måte etter de reglene som gjelder for alle», heiter det vidare.
Peiker på skattelovgivinga
Regjeringsadvokatane peiker på at lagmannsretten meiner domstolen ikkje kan behandle saka slik søksmålet er utforma.
Lagmannsretten meiner - som tingretten - at saka må bli handtert etter skatteforvaltingslova.
«Det er etter dette lagmannsrettens syn at de ankende partenes krav i realiteten gjelder feil ved skatteoppgjøret, og at kravet dermed er omfattet av skatteforvaltningsloven», heter det i avgjerda.
Bakgrunn:
Publisert: 26.11.2025 15:14
Sist oppdatert: 26.11.2025 15:30






