Optimar montasje torgeir folland foto marius vard 11
NYE EIGARAR: Torgeir Folland er ein av to tilsette i Kaldbakur sitt norske dotterselskap i Ålesund. Han fortel at dei islandske eigarane vil bidra til vekst i Optimar framover. Foto: Marius Rosbach/Vard
Nytt

Samde om Optimar-kjøp på rekordtid

Kaldbakur-sjefen i Norge trur dei kan løfte utstyrsleverandøren til nye høgder.

Marius Rosbach
26.02.2024

Måndag blei det kjent at investeringsselskapet Kaldbakur har kjøpt Optimar. Dei nye eigarane av utstyrsleverandøren med hovudkontor på Valderøya, er igjen eigd av det islandske sjømatkonsernet Samherji.

Torgeir Folland er ein av to tilsette i det norske dotterselskapet Kaldbakur As, som held til ved Rønnebergbua midt i Ålesund sentrum. Han fortel at dei har hatt gode diskusjonar med tyske Haniel, som har eigd Optimar sidan 2017.

– Det har vore ein veldig hurtig prosess, og det er berre knappe tre veker sidan det første møtet, seier Folland til NETT NO.

Vil gjere Optimar større globalt
Med andre ord hadde partane eit godt utgangspunkt, allereie då kontakten blei innleia, stadfestar Folland.

Prisen blei ikkje opplyst i pressemeldinga som vart sendt ut måndag føremiddag.

– Vi Kaldbakur meiner det er eit korrekt kjøp, og at Optimar passar godt inn i vår gruppe. Vi ønsker å ta del i Optimar sin vidare satsing, og meiner at vi som ein større industriell aktør, kan bidra til at selskapet blir større globalt, seier han.

Fleire investeringar i nordvest
Folland understrekar at Optimar skal halde fram som eit norsk selskap, og at det ikkje er noko planar om flytting av produksjon.

Kaldbakur As i Norge er eig av Islandske Kaldbakur EHF, som er investeringselskapet til islandske Samherji. Dei har også fleire investeringar på Nordvestlandet, mellom dei i Rem Offshore.

Styreleiar i det norske selskapet er islendingen Thorsteinn Mar Baldvinsson, som er ein mangeårig samarbeidspartnar med Herøy-reiar Åge Remøy.

Tysk exit etter seks år
Optimar vart kjøpt at det familieigde tyske konsernet Haniel i 2017. Selgarane var investeringsselskapet Credo og Optimar-grunnleggarne.

Fram til desember 2022 var konsernet 100 prosent eigd av Haniel, men resultata blei ikkje som venta. Koronapandemi og sanksjonar mot Russland var med på å forverre situasjonen for selskapet.

Les også

Haniel gjorde i fjor om gjeld til eigenkapital og fekk dei tilsette inn på eigarsida. Før salget til islendingane eigde Haniel 69,002 prosent av holdingselskapet i Optimar-konsernet, Optimar International.

Oneoptimar - eit selskap eigd av mange av dei tilsette - eigd 29,998 prosent og dagleg leiar Georg Saint-Denis sitt selskap GSD Optiholding eigde 1,002 prosent.

Publisert: 26.02.2024 12:45

Sist oppdatert: 26.02.2024 13:26

Mer om