Innan 1. april 2018 skal eigarane i dei to selskapa ha eit framlegg til samanslåing på bordet. Blir det ja skal samanslåingsavtalen vere signert 1. august neste år.
Mørenett er resultatet av ei samanslåinga av nettverksemda til eigarane, Tafjord Kraft og Tussa. No er planen at Stranda Energi skal skilje ut nettverksemda si og legge den inn i Mørenett.
Kjem nettverksemda i Stranda Energi med i selskapet er Stranda tenkt som hovudlokasjon for Mørenett sin aktivitet på indre Sunnmøre. Dette vil sikre god samhandling mellom Stranda og lokasjonane Mørenett allereie har i Valldal i Norddal kommune og Grodås i Hornindal kommune. Mørenett har vidare lokasjonar i Ørsta, Herøy og Ålesund kommunar, skriv Mørenett og Stranda Energi i ei felles pressemelding.
Det er jakta på kostnadar og krav om at å skilje kraftproduksjon frå drifta av kraftnettet er drifkrafta i den utviklinga Dybdal ser for seg.
Mørenett er resultatet av ei samanslåinga av nettverksemda til eigarane, Tafjord Kraft og Tussa. No er planen at Stranda Energi skal skilje ut nettverksemda si og legge den inn i Mørenett.
Stranda sentralt
Mørenett har nettopp vore gjennom ein strid blant aksjonærane i Tussa om kvar selskapets hovudbase for søre Sunnmøre skal ligge.Kjem nettverksemda i Stranda Energi med i selskapet er Stranda tenkt som hovudlokasjon for Mørenett sin aktivitet på indre Sunnmøre. Dette vil sikre god samhandling mellom Stranda og lokasjonane Mørenett allereie har i Valldal i Norddal kommune og Grodås i Hornindal kommune. Mørenett har vidare lokasjonar i Ørsta, Herøy og Ålesund kommunar, skriv Mørenett og Stranda Energi i ei felles pressemelding.
Spår færre selskap
Tussa-sjef Elling Dybdal spådde på ein energikonferansen på Sandane tidlegare i haust at det vil bli ein kraftig reduksjon i talet på nettselskap på Vestlandet dei komande åra.Det er jakta på kostnadar og krav om at å skilje kraftproduksjon frå drifta av kraftnettet er drifkrafta i den utviklinga Dybdal ser for seg.
Publisert: 29.06.2018 07:13
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:15