Klar for Moltu sal om kort tid 32d54dee98d9214bae8e2fa30768ddaf
NY STRID: Usemje om maskiner og utstyr i industrianlegget på Moltustranda enda i retten.
Nytt

Sandanger Invest tapte i retten

Strid om utstyr for millionar på Moltustranda.

22.09.2023

Sandanger Invest krev tilgang til fiskeindustribygget på Moltustranda, som er eigd av selskapet Legemyrane 4. i dag er eigd av selskapet Frost Seafood. Sandanger Invest vil ha tilgang å kontrollere og hente ut maskiner og utstyr Sandanger Invest meiner er eigd av selskapet.

Det seier retten nei til, går det fram av ein kjennelse i Møre og Romsdal Tingrett. Det er Sandanger Invest sjølv som har ansvaret for at maskiner og utstyr framleis står i anlegget på Moltustranda, ifølgje kjennelsen.

Det var Sunnmørsposten som skreiv om kjennelsen først.

Fleire konkursar
Industrianlegget har dei siste åra blitt brukt av konkursråka Atlantic Seafood, Sunsea og Sunsea Seafood.

I sommar overtok Frost Seafood eigarskapet Legemyrane 4. Ifølgje kjennelsen er Frost Seafood eigd av Linus Jakubauskas (90 prosent) og Vegar Dale (10 prosent).

Sandanger Invest eigde tidlegare eigedomselskapet Legemyrane 4 50/50 saman med tidlegare eigar av Atlantic Seadood, Daniel Andersen.

Ifølge databasen proff.no er Sandanger Invest eigd av med 25 prosent kvar av Anne Britt, Nadia Bendal , Franciska og Oddhild Sandanger.

Det omstridde utstyret og maskinene vart kjøpt av Sandanger Invest i 2019.

Fryktar tap
Ifølgje kjennelsen fryktar Sandanger Invest at Frost Seafood skal bruke, øydelegge, selje, eller kaste maskiner og utstyr som tilhøyrer Sandanger Invest - og dermed svekke verdien.

Frost Seafood avviser at utstyr og maskiner står på skade, blir øydelagt eller seld. Frost Seafood vil at Sandanger Invest hentar maskiner og utstyr, men krev dokumentasjon for at Sandanger Invest er den rettmessige eigaren først.

Ingen fare
Ifølgje kjennelsen er det ingen fare for at verdien av utstyret blir forringa. Utstyret Sandanger Invest meiner er øydelagtevar allereie øydelagt det då det konkursråka selskapet Atlantic Seafood dreiv fiskeforedling i bygget.

I kjennelsen skriv retten at "saksøkte har dokumenter at dei gjentatte gongar har tilbudt saksøkar å hente utstyr og maskiner dei kan dokumentere eigerskap eller bruksrett til, samt at etterkvart som Sandanger Invest As har lagt fram dokumentasjon på slike retter, har dei bedt saksøkar hente det aktuelle utstyret."

Kjennelsen legg også ansvaret for at maskiner og utstyr ikkje er henta ut på Sandanger Invest:

"Retten finn at Sandanger Invest AS ikkje har hatt nokon rimeleg grunn for å nekte å utarbeide lister over utstyr og maskiner dei ønsker utlevert, med tilhøyrande dokumentasjon på eigarskap eller bruksrett. Dette må særleg gjelde når det viser seg at Sandanger Invest AS har hatt slik dokumentasjon tilgjengeleg og i stor grad har lagt fram slik dokumentasjon i samband med retten si handsaming av begjæringa om mellombels åtgjerd, men likevel ikkje har nytta seg av tilbodet om å hente ut det aktuelle utstyret der eigarskap er dokumentert. Det framstår for retten som om det er Sandanger Invest AS som sjølv er årsaka til at maskiner og utstyr ikkje er henta ut frå Legemyrane 4."

Publisert: 22.09.2023 11:51

Sist oppdatert: 22.09.2023 11:51

Mer om