Atlantic Seafood Moltu m Oddvar S Andnes foto Kjetil Contabile
BUREVISOR: Bustyrar Jørund Knardal har fått statsautorisert revisor og dagleg leiar i Contabile, Oddvar Sandnes (innfelt) med seg som burevisor i Atlantic Seafood-konkursen. Foto: Kjetil Haanes/Contabile.
Nytt

Veksande krav etter Atlantic Seafood-konkursen

Å finne alle tilsette som har krav etter konkursen i Atlantic Seafood er hovudoppgåva til bustyrar Jørund Knardal.

07.02.2023

Fiskeforedlingsbedrifta Atlantic Seafood på Moltustranda gjekk konkurs i november 2022. Då var det 55 tilsette i selskapet.

- Det er ein veldig stor konkurs, sa bustyrar Jørund Knardal etter konkursopning.

Målt i talet på tilsette som er berørt viste det seg snart at konkursen var enda større. I den mellombelse innberetninga til skiftretten 2. januar hadde Knardal ei liste på 200 personar med moglege løn- og feriepengekrav.

- Vi får stadig inn nye, seier Knardal til NETT NO om talet på tidlegare tilsette som meiner dei har krav på løn eller feriepengar.

Utfordinga for Knardal er mellom anna at dei fleste tilsette som er råka av konkursen er frå utlandet.

Har fått burevisor
Tilbakebetaling av deler av ei straumrekning har gjort det råd for buet å betale for burevisor.

Oddvar Sandnes i selskapet Contabile er oppnemd som burevisor og han og Knardal skal ha sitt første arbeidsmøte denne veka.

Knardal meiner ein borevisor er naudsynt mellom anna for å få avdekt når selskapet var insolvent, og om det er omstøytleg eller ulovlege forhold i samband med konkursen.

Knardal har også søkt om støtte til buarbeidet frå Skatteetaten, men har førebels ikkje fått svar.

Eigd frå Litauen
Den Litauen-baserte nordmannen Daniel Andersen eigde Atlantic Seafood ifølgje den mellombelse innberetning og er også eigar av selskapet Legemyrane 4, ifølgje proff.no. Legemyrane 4 eig bygningane som Atlantic Seafood leigde.

Andersen er no fengsla i Litauen, sikta for momsunndraging, ifølgje Intrafish. Bakgrunnen har etter det Intrafish kjenner til, ikkje noko med Atlantic Seafood-konkursen på Moltustranda å gjere.

Nordmannen er sikta for medverknad til momsunndraging for ein rekke litauiske selskap, i samband med utleige av arbeidskraft til fiskeindustrien i Nord-Norge. Han nektar straffeskuld.

Publisert: 07.02.2023 12:46

Sist oppdatert: 07.02.2023 12:49