Satsar paa biodiesel men faa kjoeparar
HESSA: Jan Magnus Kleven og Bunker Oil satsar på biodiesel, og er klare til å byggje ut tilbodet så fort etterspørselen aukar.
Nytt

Satsar på biodiesel – men få kjøparar

Han meiner at diesel slepp ut mindre CO2 enn både bensin og batteri, men satsar no på biodiesel.

15.07.2019
- Ja, vi ser kva veg det går med stadig større fokus på miljøvenlege alternativ, og har starta salet av biodiesel.
Det seier dagleg leiar Jan Magnus Kleven ved Bunker Oil i Ålesund.
Selskapet satsar no på såkalla avansert HVO biodiesel produsert i utlandet.
- Dette er syntetisk diesel laga av berekraftig biomasse, seier Kleven.

Ingen palmeolje

Han opplyser at dette er ein biodiesel som garantert er fri for palmeolje og er rekna som den einaste klimavenlege biodieselen.
- Ja, det er ikkje aktuelt for oss å satse på biodiesel med palmeolje tilsett. Vi er det einaste selskapet i Norge som kun brukar avansert biodiesel.
Biodieselen ligg i pris rundt to kroner meir per liter enn tradisjonell diesel.
- For dette får ein eit miljøvenleg og berekraftig produkt med like god effekt som tradisjonell diesel.
- CO2-reduksjonen er på mellom 70 og 90 prosent avhengig av type biomasse som er brukt, opplyser Kleven.

Reknar med auka sal

Bunker Oil brukar biodiesel på sine eigne tankbilar.
- Vi har nokre få kundar som kjøper dette, men elles har det hittil vore lite sal.
Frå sitt nye tankanlegg på Hessa kan Bunker Oil levere HVO og biofyringsolje i rein form og som innblanding i vanleg diesel.
- Vi reknar med at salet vil ta av i takt med at det kjem skjerpa miljøkrav.
- Vi leverer i dag HVO fra frå to stasjonar i Ålesund og byggjer ut på fleire når etterspørselen tar seg opp. Til storkundar kan vi levere direkte til deira tankar.

- Diesel betre enn batteri

Kleven har elles lite til overs for fokuset på elbilar.
- Batteri er ingen energikjelde, batteri vert berre brukt til å lagre og overføre energi.
- Energien må kome andre stader ifrå, og når ein ser på kor mykje energi som må til for å produsere batteri, kjem dieselbilane betre ut miljømessig i eit livsløpsperspektiv for eit køyretøy.
Kleven viser til at dagens dieselmotorar forureinar mykje mindre enn for få år tilbake.
- Mange forbrukarar har oppdaga dette, men det tek tid før dei som sit på Løvebakken også forstår det.
- Det er etter mitt syn totalt meiningslaust at skattebetalaren skal vere med å subsidiere drifta av elbilane på norske vegar.

Tidleg ute med Tesla

Sjølv var Kleven av dei første som kjøpte Tesla i Norge.
- Det var alt i 2008, eg ville teste ut kva dette var for noko og hadde klargjort for utbygging av ladepunkt på våre stasjonar. Dette stoppa opp då Tesla ga straumen gratis frå eigne punkt.
Han seier at bilen gjekk som eit uvêr, men forbrukte også mykje energi.
- Dette er tunge køyretøy, og ein Tesla på 2,5 tonn med 700 hestekrefter treng enormt mykje energi.

- Heng ikkje på greip

Han har endå eit spark til politikarane.
- For meg heng det ikkje på greip at vi i dag har eit system der det er momsfritt å kjøpe elbil, men at ein må betale moms om ein skal kjøpe ein sykkel.
- Vidare skurrar det når vi på den eine sida gir støtte til straumsparing gjennom Enova medan vi på den andre sida subsidierer folks kjøp og forbruk av store energislukande elbilar.

Meir avansert biodrivstoff

I ein rapport frå Miljødirektoratet går det fram at salet av biodrivstoff gjekk ned i fjor.
Totalt vart det omsett 497 millionar liter biodrivstoff i fjor. Det er ein nedgang på cirka 160 millionar liter frå 2017.
Nedgangen skuldast først og fremst ein kraftig reduksjon i import av palmeolje frå 317 millionar liter i 2017 til 93 millionar liter i 2018.
Omsetninga av avansert biodrivstoff gjorde derimot eit kraftig hopp i fjor. Avansert biodrivstoff er produsert av restar og avfall frå næringsmiddelindustri, landbruk eller skogbruk.
Samla vart det omsett 190 millionar liter avansert, der mesteparten var importert.

For meg heng det ikkje på greip at vi i dag har eit system der det er momsfritt å kjøpe elbil, men at ein må betale moms om ein skal kjøpe ein sykkel

Publisert: 15.07.2019 05:57

Sist oppdatert: 22.07.2021 14:28

Mer om