Geiranger vintercruise innfelt asgeir blindheim foto 11
GEIRANGER: Asgeir Blindheim (innfelt) har stor tru på vintercruise til Geiranger. Foto: Kari Moa Sundli/Havila Voyages
Nytt

Satsar på vintercruise til Geiranger

Trur det finst eit stort potensiale til fjordturar også om vinteren.

18.03.2022

- Ja, dette har vi stor tru på, både for våre eigne gjestar, men også for andre som vil vere med.

Det seier Excursion Manager Asgeir Blindheim i Havila Kystruten.

Vinterfjordcruiset frå Ålesund til Geiranger startar vil etter planen gjennomførast frå midten av februar, og vil skje dei dagane kystruteskipet Havila Capella er innom Ålesund.

- Om dette vert vellukka, vil vi ha eit slikt opplegg knytt til alle våre fire båtar, seier Blindheim.

- Neste båt, Havila Castor, skal etter planen ha jomfruturen 10. mai.

Geiranger Fjordservice
Vinterfjordcruiset skjer blant anna i samarbeid med Geiranger Fjordservice, med ein hurtigbåt med kapasitet til rundt 100 passasjerar.

- Her vert det ope for alle å melde seg på, anten ein er turist eller fastbuande. Om bord får ein servert litt mat og drikke, og det vil vere med guidar som fortel om natur- og kulturhistorier knytt til området.

- Turen inkluderer også besøk på Norsk Fjordsenter i Geiranger. Dei besøkande får også busstur til Flydalsjuvet eller Ørnesvingen. Dei som ønsker det, får i tillegg høve til å gå den spektakulære Fossevandringa mellom sentrum og Fjordsenteret.

Om dette vert vellukka, vil vi ha eit slikt opplegg knytt til alle våre fire båtar
Asgeir Blindheim

Tyske journalistar
På den første turen 22. mars vert det i tillegg med tjue tyske journalistar, som Havila Kystruten har invitert til å vere med på heile rundreisa Bergen – Kirkenes.

- Dette er ein del av marknadsføringa vår mot den tyske marknaden.

- Vi veit at det blant anna vert med journalistar frå magasinet Der Spiegel, seier Blindheim.

Vinterfjordcruiset skjer også i samarbeid med Destinasjon Ålesund & Sunnmøre, og Blindheim meiner at denne satsinga er viktig for å utvide turistsesongen i Geiranger til å gjelde heile året.

- Ettersom Havila også eig Havila Hotel Geiranger, legg vi ikkje skjul på at vi håper at eit slikt opplegg også vert ein styrke for hotellet, blant anna ved at det vert lagt møtearrangement her, seier Blindheim.

Hjørundjord-cruise
Han opplyser at vinterfjordcruiset vil pågå til 2. juni, då Geiranger Fjordservice set i gang med sommarprogrammet med daglege avgangar frå Ålesund.

- I tillegg til Geirangerfjorden, har vi lagt opp til turar til Hjørundfjorden i september og oktober.

- Interessa for desse fjordturane er store, seier Blindheim.

Publisert: 18.03.2022 05:45

Sist oppdatert: 17.03.2022 17:03