– Marknaden innan olje og offshore er tung for tida, og der er vanskeleg å skaffe seg slike kontraktar både for store og små selskap. Derfor er vi stolte av at vi har klart å sikre oss ein femårsavtale.
-Vi kjenner Østensjø som eit veldrive og godt reiarlag og er glade for å vere ein av deira samarbeidspartnarar, kommenterer dagleg leiar Johannes Kr. Bjøringsøy i Sebastian.
Sebastian har spesialisert seg på teknisk og operasjonell kompetanse knytt til system på avanserte offshorefartøy og mobile offshoreinstallasjonar.
Bjøringsøy meiner sjølv at Sebastian har utvikla det beste verktøyet og samla den beste kunnskapen med tanke på å forhindre operasjonelle avbrot, nedetid, uhell og ulykker.
Selskapet har over 500 tilsette. Nyleg skreiv Østensjø kontrakt med eit anna Ulstein-selskap, nemleg Kleven Verft, om bygging av eit 150 meter langt avansert offshore konstruksjonsskip til 1,4 milliardar kroner.
Rammeavtalen inneber at Sebastian utfører teknisk analyse av fartøy, yte assistanse i samband med operasjonelle styringssystem – og syte for ei effektiv gjennomføring av FMEA-tenestene (Failure Modes an Effects Analysis).
-Vi kjenner Østensjø som eit veldrive og godt reiarlag og er glade for å vere ein av deira samarbeidspartnarar, kommenterer dagleg leiar Johannes Kr. Bjøringsøy i Sebastian.
Rammeavtale på fem år
Kontrakten har ein rammeavtale på fem år, og Sebastian skal først og fremst levere DP-tenester til fartøy som reiarlaget driv.Sebastian har spesialisert seg på teknisk og operasjonell kompetanse knytt til system på avanserte offshorefartøy og mobile offshoreinstallasjonar.
Bjøringsøy meiner sjølv at Sebastian har utvikla det beste verktøyet og samla den beste kunnskapen med tanke på å forhindre operasjonelle avbrot, nedetid, uhell og ulykker.
Stor aktør
Østensjø Rederi driv innan både offshore, taubåttenester og store hotellskip. Selskapet har i dag 28 skip samt 9 nybygg under produksjon.Selskapet har over 500 tilsette. Nyleg skreiv Østensjø kontrakt med eit anna Ulstein-selskap, nemleg Kleven Verft, om bygging av eit 150 meter langt avansert offshore konstruksjonsskip til 1,4 milliardar kroner.
Rammeavtalen inneber at Sebastian utfører teknisk analyse av fartøy, yte assistanse i samband med operasjonelle styringssystem – og syte for ei effektiv gjennomføring av FMEA-tenestene (Failure Modes an Effects Analysis).
Derfor er vi stolte av at vi har klart å sikre oss ein femårsavtale
Publisert: 04.07.2015 10:30
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:45