I vår leigde Justis- og beredskapsdepartementet offshorefartyet "Olympic Commander" for å bistå EU under folkevandringa over Middelhavet. Skipet vart tatt ut av opplag og 32 sjøfolk fekk jobb.
Leigeavtalen går ut 13. januar 2018, og regjeringa vil ikkje forlenge den. Grunngjevinga er at trafikken har gått ned og behovet redusert.
I Arbeidarpartiet sitt framlegget til alternativt statsbudsjett, som er langt fram i dag, er det heller ikkje sett av midlar til å delta i EU sin Middelhavsoperasjon.
Frå starten og fram til i vår var det skipet "Siem Pilot" som var brukt i operasjonane, frå 1. mai er det "Olympic Commander". Avtalen med departementet er inngått med Olympic Nor, eit datterselskap av Olympic Shipping.
Pr. i vår hadde "Siem Pilot" og den norske redningsskøyta Peter Henry von Koss redda over 60.000 flyktningar og migranter i Middelhavet i følgje Justis- og beredskapsdepartementet.
Leigeavtalen går ut 13. januar 2018, og regjeringa vil ikkje forlenge den. Grunngjevinga er at trafikken har gått ned og behovet redusert.
I Arbeidarpartiet sitt framlegget til alternativt statsbudsjett, som er langt fram i dag, er det heller ikkje sett av midlar til å delta i EU sin Middelhavsoperasjon.
182 millionar kroner
Den norske deltaking i Middelhavet starta i 2015, og vil ha kosta 182,2 millionar kroner (medrekna løn til politi og forsvaret sine folk) når den blir avslutta ved årskiftet i følgje Justis- og beredskapsdepartementet.Frå starten og fram til i vår var det skipet "Siem Pilot" som var brukt i operasjonane, frå 1. mai er det "Olympic Commander". Avtalen med departementet er inngått med Olympic Nor, eit datterselskap av Olympic Shipping.
Pr. i vår hadde "Siem Pilot" og den norske redningsskøyta Peter Henry von Koss redda over 60.000 flyktningar og migranter i Middelhavet i følgje Justis- og beredskapsdepartementet.
Publisert: 17.11.2017 14:02
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:16