Semje i jordbruksoppgjeret – ramme på tre milliardar
Småbrukarlaget er ikkje fornøgd med avtalen.
(NPK-NTB): Jordbruket og staten er samde om jordbruksoppgjeret. Oppgjeret har ei ramme på 3,015 milliardar kroner. Småbrukarlaget er ikkje fornøgd med avtalen.
Jordbruksavtalen legg til rette for ein inntektsauke på 85.000 kroner per årsverk. Det betyr at inntektsgapet mellom jordbruket og andre grupper kan tettast med 60.000 kroner, opplyser regjeringa.
– Med denne avtalen blir godt over ein tredel av det berekna inntektsgapet i 2024 redusert. Det betyr at vi ligg føre skjema for å nå målet om tetting av inntektsgap i 2027, seier landbruks og matminister Geir Pollestad (Sp).
Partane har også avtalt fleire utgreiingar og evalueringar som skal gjennomførast fram mot neste jordbruksoppgjer.
– Gir auka inntektsmoglegheiter
Norges Bondelag meiner avtalen gir bonden vesentleg auka inntektsmoglegheiter. Dei opplyser at jordbruket har forhandla fram ein forhandlingsgevinst på 395 millionar kroner.
Bondelaget meiner avtalen er viktig for at norske bønder framleis skal ha motivasjon til å produsere mat. Dei meiner også avtalen er viktig for at bøndene skal ha tryggleik for at dei har ein økonomi som betaler rekningane og som gir høve til å leve som folk flest.
– Berre slik kan vi bidra til produksjon av mat for auka sjølvforsyning og eit jordbruk over heile landet, seier Bjørn Gimming, forhandlingsleiaren i jordbruket og leiar i Norges Bondelag.
– Avtalen er ikkje god nok
Like fornøgd er ikkje Norsk Bonde- og Småbrukarlag.
– Avtalen er ikkje god nok, meiner Tor Jacob Solberg, som trur mange bønder antakeleg vil bli skuffa.
– Det har kosta å inngå denne avtalen, og vi veit at vi ved å signere har vi ofra mange bønder, seier Solberg.
– Denne avtalen viser kva retning staten ønskjer at landbruket skal ta i framtida og kva rolle norsk matproduksjon skal ha i den norske beredskapen, seier han vidare.
– I sum betyr det lite
Partane har mellom anna har behandla ny prismodell for mjølk, velferdsordningane, tak på korn, i tillegg til ordinær fordeling. Fleire av sakene vil vere retningsgivande for kommande oppgjer og utvikling i jordbrukspolitikken.
– Vi har fått inn nokre viktige prinsipp som kan vere starten på noko av den retningsendringa vi treng. I sum betyr det likevel lite for bonden, seier Solberg.
Ei viktig prioritering
I ei pressemelding skriv regjeringa at auka sjølvforsyning av norsk mat er ei viktig prioritering for regjeringa.
– Det viktigaste tiltaket for å nå dette målet er å auke lønnsemda i matproduksjonen og føre ein aktiv politikk for å ha eit landbruk i heile landet, står det i meldinga.
– Viser liten vilje
Høgre meiner regjeringa viser liten vilje til å ruste den norske bonden betre til å møte dei utfordringane dei kjem til å stå i fram mot 2040.
– Eg er skuffa over at regjeringa med dette ser ut til å ha parkert traktoren, i staden for å trakke på gassen for modernisering og omstilling av norsk landbruk, seier landbrukspolitisk talsperson i Høgre, Lene Westgaard-Halle.
– At dei ikkje tek meir strukturelle grep når dei nesten har dobla tilskotet til bøndene dei siste tre åra, er urovekkjande, seier Westgaard-Halle.
(©NPK)
Publisert: 16.05.2024 15:24
Sist oppdatert: 16.05.2024 15:24