K styre
EKSTRAORDINÆRT MØTE: Ålesund-ordførar Eva Vinje Aurdal og dei andre i kommunestyret tek stilling i kommunedelingssaka torsdag. Foto: Ålesund kommune
Nytt

Ålesund sette kommunedeling på vent

Eit stort fleirtal gjekk inn for å vente på rekninga frå regjeringa.

Marius Rosbach
26.01.2023
Med 71 mot 6 stemmer vedtok kommunestyret i Ålesund å sette arbeidet med kommunedelinga på vent, inntil finansieringa frå regjeringa er klar.

Torsdag klokka 14 starta det ekstraordinære kommunestyremøtet i Ålesund, der politikarane skulle seie stopp – eller vent – for frådelinga av Haram kommune.

Det låg to alternativ på bordet: Anten å stanse delinga fram til finansieringa er avklart, eller å stanse delinga og å be stortinget oppheve vedtaket slik at delinga ikkje vert gjennomført.

Møte gjekk digitalt og kan sjåast direkte på nettsida til Ålesund kommune, eller i opptak.

Ap vil gå for gult lys
Ordførar Eva Vinje Aurdal (Ap) innleia og gjorde det klart at ho vil gå for det første alternativet. Også eit stort fleirtal i Arbeiderpartiet sin gruppe, ville gjere det same.

– De er ei stor og alvorleg avgjerd å iverksette eit stortingsvedtak, som vi er usikre på om vil gå utover innbyggjarane sin velferd. Det er dette det handlar om, sa Aurdal.

Høgre: – Reversering, eller rasering
Også Høgre Monica Molvær vil gå for det første alternativet, som betyr at arbeidet med kommunedelinga blir sett på vent inntil vidare.

– Men eg stiller meg spørsmålet om dette er ei reversering, eller rasering, sa ho.

Molvær viste til at kostnaden for Sp sitt prestisjeprosjekt med kommunefrådelingar var i ferd med å bli svært høg – samtidig som den hadde gitt få konkrete resultat.

Frp: Vil heller bryte eit stortingsvedtak
Håkon Lykkebø Strand (Frp) meinte også alternativ ein var det beste.

Han understreka også at Ålesund kommunen har bedt om å få dekt alle kostnader – og ville ha det påpeika i vedtaket. Lykkebø Strand viste vidare til utgreiinga frå kommuneadvokaten om at det var fare for at dei lovpålagde krava om tenester til ålesundarane, ikkje vart oppfylt om kommunen gjekk vidare – utan å sikre at alle kostnader ved delinga blei dekka.

– Eg vil heller bryte eit stortingsvedtak, enn å bryta lova når det kjem til tenestene til innbyggjarane våre, la han til.

Sp vil halde fram delingsarbeidet
Vebjørn Krogsæter (Sp) meinte på si side ålesundpolitikarane skulle stole på at regjeringa kom med pengane. Han vil difor stemme for at arbeidet med kommunedelinga haldt fram i tråd med stortingsvedtaket.

Krogsæter minna også Monica Molvær på at det var Høgre i regjering som gjennomførte ei tvangssamanslåing – og at det var hovudgrunnen til at situasjonen har oppstått.

– Vi ventar at det kjem pengar ganske snart, og stolar sjølvsagt på eiga regjering, la han til.

KrF: - Slett politisk handverk
Tore Johan Øvstebø (KrF) var klar på at det hasta med eit svar, og påpeika at statsråden hadde fått klar beskjed om dette. Då kunne han ikkje forstå kva som haldt regjeringa tilbake frå å ta ei avgjerd.

– Det er arrogant, provoserende og beint fram slett politisk handverk, sa han – og meinte alternativ éin var det einaste aktuelle valet i denne saka.

Øvstebø frykta det kunne få store dramatiske konsekvenser om dei gjekk for å stoppe prosessen – og fekk vilja si.

Etterpå tok også Jarle Hauge Steffenssen (MDG) til orde for alternativ éin – om å vente på svar.

Ikkje nøgd med statsrådsvar
Bakgrunnen for møtet er at Ålesund-politikarane ikkje var nøgd med svaret frå statsråd Sigbjørn Gjelsvik, om korleis utgiftene blir dekt.

Lokalpolitikarane og administrasjonen fryktar at kommunen blir sittande
att med ei høg rekning, for eit oppdrag som staten har lova å betale
for.

Kommunedirektør Jon Steven Hasseldal meiner det er fare for at tidsplanen om å ha to kommunar frå årsskiftet, vil ryke – om det ikkje kjem ei avklaring rimeleg snart. 1. mars er peika på som eit tidspunkt for når eit svar må vere på plass - om dei skal rekke fristen 1. januar 2024.

Kommunedirektøren: Ikkje forsvarleg pengebruk
Regjeringa har på si side vist til at dei berre vil dekke «nødvendige utgifter», og førebels er ikkje avklart kva det betyr i kronebeløp.

Kommunedirektør Hasseldal opplyser i saksutgreiinga at delingsprosessen er inne i ei periode med store IKT-investeringar. Han meiner det ikkje er forsvarleg å fortsette pengebruken på delinga før ein har fått ei avklaring om kva som vert dekka.

Saka blir oppdatert frå møtet

Publisert: 26.01.2023 11:55

Sist oppdatert: 26.01.2023 23:50

Mer om