Steven hasseldal innfelt kart haram foto christine rørvik ålesund kommune 33
KOMMUNEDELING: Kommunaldirektør Steven Hasseldal meiner at Nye Haram vil kome til å slite på grunn av folketalsnedgang og høgare gjennomsnittsalder. Foto: Christine Rørvik/Ålesund kommune
Nytt

Meiner nye Haram vil slite

Om ikkje utviklinga snur, vil nye Haram slite med folketalsnedgang og høgare gjennomsnittsalder.

25.03.2022

Det skriv kommunedirektør Steven Hasseldal i Ålesund kommune i eit brev til Kommunal- og distriktsdepartementet, som har bede om supplerande opplysningar etter at Ålesund kommune har vedtatt å søke om kommunedeling.

Ålesund kommune søkjer om deling av kommunen slik at delar av tidlegare Haram kommune blir skilt ut som eigen kommune. Ny kommunegrense skal vere slik den var på tidspunktet for samanslåing 1. januar 2020, med unntak av valkrinsane Vatne/Tennfjord og Søvik/Grytastranda som skal liggje i Ålesund.

Ulik folketalsutvikling
Dei valkrinsane som ikkje skal over til nye Haram er samstundes dei krinsane som truleg vil få best folketalsutvikling.

Dette viser ei folketalsframskriving for perioden 2023-2032.

Her er det venta at nye Haram (Brattvåg/Hildre/Nordøyane) vil gå frå 4.721 til 4.613 innbyggjarar, ein nedgang på 2,3 prosent.

Samstundes er det venta at den delen som blir att i Ålesund (Vatne/Tennfjord/Søvik/Grytastranda) vil auke frå 4.663 til 4.980, ein vekst på 6,8 prosent.

Risikoar
Hasseldal skriv at om ikkje utviklinga snur i nye Haram, kan dette vert utfordrande.

Han viser også til at ein kan sjå føre seg at risikoane knytt til mindre og meir sårbar kommune, som vart påpeika i BDO sin rapport, kan bli forsterka ved den grensejusteringa som er vedtatt i Ålesund kommunestyre.

Sentrale tenester på plass
Derimot meiner kommunedirektøren at det ikkje vil vere stor forskjell på tilgang til sentrale tenester i nye Haram versus grensene til tidlegare Haram. Dei sentrale tenestene i tidlegare Haram er i hovudsak lokalisert til dei to tettstadane Brattvåg og Vatneeidet. Dimensjoneringa på desse tenestene er tilpassa folketalet nær desse tettstadane, fastslår Hasseldal.

Han viser samstundes til ein BDO-rapport der det er påpeika at det vil vere utfordrande å få tak i spesialistkompetanse og gode fagfolk på fleire områder.

"Det er grunn til å tru at dette kan bli forsterka dersom kommunen vert mindre. Dette gjer at det kan verte behov for å kjøpe visse tenester, eller dekke slike behov gjennom interkommunale samarbeid", skriv han.

Rammevilkår viktigast
For næringslivet peikar BDO-rapporten på at framleis gode rammeføresetnader vil vere det viktigaste ved en eventuell oppdeling, uavhengig av kommunegrensene.

"Ved ei eventuell oppdeling vil det derfor vere naudsynt at båe kommunane raskt avklarar grunnleggande føresetnader for samarbeid mellom kommune og næringsliv. Kommunedirektøren meiner at den nye grensejusteringa ikkje vil påverke konklusjonen frå BDO når det gjelde næringslivet," skriv Hasseldal.

Publisert: 25.03.2022 14:43

Sist oppdatert: 25.03.2022 15:29

Mer om