NTB k Km Lk Cyo O Fc
HAVVIND: Næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) satsar hardt på havvind. Foto: Hanna Johre / NTB / NPK
Nytt

Skal byggje «havvind-landslag»

- Vi må ut og selje Noreg, seier Vestre.

01.12.2022

(NPK-NTB-Marius Helge Larsen) Næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) har sett seg eit hårete mål for norsk havvind-industri: 10 prosent av verdsmarknaden innan 2030.

Regjeringa har sett av mellom 50 til 90 millionar kroner til satsinga neste år, avhengig av kor mykje næringslivet bidreg med. Når næringslivet sluttar seg til, aukar også potten.

– Vi skal byggje landslag. Vi skal byggje havvind-landslaget som vi skal sende rundt i dei utvalde marknadene. Ikkje for å snakke, men for å underteikne kontraktar og sikre milliardinvesteringar, sa Vestre på ein pressekonferanse torsdag.

Målet går også ut på at næringa skal omsetje for 85 milliardar kroner innan 2030.

– Spissane på landslaget er industrien sjølv. Store og små næringsaktørar. Eg meiner vi kan hevde oss på alle område, både med å byggje flytarane, ankera, kabelsystema, installasjonsfartøy og på design og teknologi. Og kvifor ikkje på turbinane som produserer straum? Noreg kan produsere alt, seier Vestre til NTB.

– Frå offentleg side skal vi vere heiagjeng for landslaget
Jan Christian Vestre

Vestre tok lynrask avgjerd
Det er Nasjonalt eksportråd som har foreslått havvind som satsingsområde innanfor reforma «Heile Norge eksporterer». Reforma går ut på samarbeid mellom staten om næringslivet innanfor enkelte utvalde næringar.

– Frå offentleg side skal vi vere heiagjeng for landslaget, seier Vestre.

Det er også eksportrådet som står bak dei nye, hårete måla.

– Eg trong cirka 3,5 nanosekund på å bestemme meg for at desse måla er veldig gode, så det sluttar vi oss til, seier næringsministeren.

– Ikkje dårlegare enn dei andre
Pengane regjeringa set av, skal mellom anna gå til å styrkje Innovasjon Noreg og heile apparatet som jobbar for norsk eksport i utlandet.

– Vi må få fleire folk ut i marknadene for å opne dører. Vi må ut og selje Noreg, seier Vestre.

Han åtvarar om at den globale havvind-konkurransen er i full sving. Andre land har også trappa opp innsatsen sin stort, seier næringsministeren.

– Vi skal pokker meg ikkje vere noko dårlegare enn dei. Vi skal vere best! seier han.

Publisert: 01.12.2022 15:06

Sist oppdatert: 01.12.2022 15:14

Mer om