Anders Riise geiranger Foto Per Krsitian Bratteng Møre og Romsdal fylkeskommune
TENKEØKT: Fylkesordførar Anders Riise ber inn toppane i politikken frå fylket til å tenke saman om kraftsituasjonen og nye ferjekrav. Foto Per Kristian Bratteng/Møre og Romsdal fylkeskommune
Nytt

Skal diskutere kraftmangel og nye ferjekrav

Politiske toppmøter innleier året for fylkeskommunane på Vestlandet.

Marius Rosbach
03.01.2024

Torsdag og fredag er det klart for den årlege Nyttårskonferansen i Molde. Det er ein møteplass for politikarar og offentleg forvalting i Møre og Romsdal. Hit kjem også Mørebenken, Ungdomspanelet og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Nyttårskonferansen blir strøyma og kan følgjast digitalt på nett (startar torsdag kl 12).

Sjå program her (ekstern lenke)

Næringsministeren kjem til Bergen
I Bergen samlar topp-politikarar seg på fredag til det som no blir kalla Vestlandsmøtet. Temaet for årets arrangement er «Hastverk for eit berekraftig Vestland».

Næringsminister Jan Christian Vestre er mellom deltakarane, og alt frå krisehandtering til kunstig intelligens står på agendaen.

Sjå programmet (ekstern lenke)

Tenkeøkt for topp-politikarane
I forkant av Nyttårskonferansen i Molde er det bedt inn til ei strategisk tenkeøkt, ifølgje ei melding frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Her deltek Mørebenken, alle ordførarar i fylket og fylkesutvalet, i tillegg til at dei politiske og administrative leiarane av dei interkommunale råda er med.

Fylkesordførar Anders Riise har to punkt på agendaen Kraftutfordringane i Møre og Romsdal og skjerpa krava til nullutslepp for ferje, i tillegg til finansieringsløysinga.

– Dette er blant dei største utfordringane vi opplever, og dei vil ha innverknad på oss alle i Møre og Romsdal i åra framover, uttaler Riise i ei melding.

Kraftmangel i regionen
Mangel på kraft kan bli ei utfordring for regionen, og er allereie sett på dagsorden av LO og NHO.

Det er allereie underskot på kraft i regionen, samtidig som det er store behov for auka kraft framover.

Norwegian Hydrogen er mellom selskapa som ønsker langt meir kraft, enn det som no er tilgjengeleg.

Nye krav til ferjedrift
Regjeringa har varsla nye krav til utslepp i nye ferjeanbod frå 2025. Samtidig er det stor usikkerheit kring finansieringa av dette.

– Det er utruleg bra at vi har klart å samle alle toppane i politikken i Møre og Romsdal til eit møte som dette. Vi er inne i ei krevjande tid, og då er samarbeid heilt avgjerande for å løyse dei utfordringane som både kommunane og fylket står midt oppi, seier fylkesordføraren i meldinga.

Publisert: 03.01.2024 10:07

Sist oppdatert: 03.01.2024 11:39

Mer om