Geiranger med cruiseskipsmog foto Miguel Angel Barroso Lorenzo Wikimedia Commons
STRIDENS KJERNE: Sjøfartsdirektoratet vil gi storpartene av dagens cruiseskipsflåte lov til å halde fram med å segle til Geiranger til ut 2035. Foto: Miguel Angel Barroso Lorenzo/Wikimedia Commons
Nytt

Brems for nullutslepp-skip

Norwegian Hydrogen er redd lettare utsleppskrav punkterer marknad for hydrogen-fartøy i fjordane.

15.12.2023

Denne veka kom Sjøfartsdirektoratet med eit nytt råd om kva som bør bli reglane for utslepp frå drivstoff for store skip som går inn i verdsarvfjordane, deriblant Geirangerfjorden.

Der lempar direktoratet på dei opphavlege krava om nullutslepp frå 2026, på grunn av den venta negative økonomiske konsekvensen av ein kraftig reduksjon i cruisetrafikken.

No vil mellom anna biodrivstoff - som omfattar såkalla biodiesel etter Miljødirektoratet sin definisjon - bli lov for cruiseskip fram til ut 2035. Opphavleg var kravet nullutslepp av CO2 frå 2026.

Les meldinga frå Sjøfartsdirektoratet her.

Biodiesel er diesel som er framstilt av biologisk materiale, og det skal kunne brukast i blanding med vanleg diesel, slik framlegget til Sjøfartsdirektoratet er formulert. Det er nok å blande tilstrekkleg med biodiesel på tankane saman med vanleg diesel til å seie at den innblanda biodieselen tilsvarar energimengda som må til for å segle inn og ut av verdsarvfjordane.

"Mengden drivstoff skal tilsvare energimengden skipet benytter i verdsarvfjordene" heiter det i framlegget frå Sjøfartsdirektoratet.

Bekymra for ringverknadane
Hos Hydrogenproduksjonselskapet Norwegian Hydrogen i Ålesund er det uro over konsekvensane av det nye framlegget frå Sjøfartsdirektoratet.

Selskapet hadde håpa at eit krav om nullutslepp frå cruisefartøya frå 2026 ville opne opp ein marknad for mindre fartøy som kunne frakte cruisepassasjerar inn i verdsarvfjordane. Desse fartøya kunne gå på hydrogen. Hydrogen er ein energiberar som ikkje gir CO2-utslepp, så sant hydrogenet er laga med elektrisk kraft for vasskraft-, vindkraft, solkraft eller atonkraftverk.

"Vi registrerer at man fortsatt ønsker cruisetrafikk i verdensarvfjordene, også selv om de ikke oppfyller de kravene som er vedtatt tidligere. Flere selskaper har sett på mulighetene for å bygge mindre nullutslippsfartøy som kan frakte cruiseturistene inn i fjordene. Vi frykter nå at disse prosjektene også vil være utsatt for ytterligere nøling og utsettelser. Vi blir også bekymret for ringvirkningene og symboleffekten dette kan ha i forhold til de øvrige ambisjonene som Norge har om å kutte utslipp", skriv merkevare- og berekraftsansvarleg Mariel Furnes Mannseth i Norwegian Hydrogen i ein epost til NETT NO.

Kan segle med eksisterande skip
- Dei fleste marine dieselmotorar kan nesten over natta svitsje over til å gå på biodiesel, seier professor Vilmar Æsøy ved Institutt for havromsoperasjonar og byggteknikk ved NTNU i Ålesund.

Konsekvensen av det er at storparten av dagens cruiseskipsflåte kan segle som før inn og ut av Geirangerfjorden om Sjøfartsdirektortatet sitt råd blir teke til følgje. Men Æsøy meiner krav om biodieselinnblanding likevel vil vere ei stor begrensning for dei store cruiseskipa, fordi biodiesel både er ein begrensa ressurs og er kostbar.

Dei lempinga på krava som Sjøfartsdirektoratet gjer framlegg om gjeld dessutan berre større cruiseskip. Ferjer, sightseeingfartøy og mindre persontransportfartøy skal framleis vere utsleppsfrie frå 2026, slik at det framleis er rom for utvikling av nullutsleppsfartøy etter Æsøy si vurdering.


Publisert: 15.12.2023 05:00

Sist oppdatert: 14.12.2023 18:51