Havyard-eigde Norwegian Electric Systems (NES) vert leverandør av elektro- og automasjonspakken til ombyggingsjobben av MF Norangsfjord, opplyser Havyard i ei pressemelding tysdag.
Ombygginga er planlagt i løpet av siste halvår 2019.
Ferja skal i rute mellom Aukra og Hollingsholmen, der ferjekaia på Hollingsholmen skal byggjast om med komplett ladesystem.
Selskapet har tidligare også bygt om ferjer frå diesel-mekanisk til diesel-elektrisk fremdrift, men dette blir første ombygging til hybrid heilelektrisk ferje
I leveransen inngår også frekvensomformarar, batterisystem, ladesystem med ladepluggar og transformatorar, samt oppgardering av fleire system på ferja.
På landsida skal det leverast systemintegrasjon og kalkulasjonar, ladeplugg og kraftelektronikk, inklusive batteri og ladesystem.
Ombygginga er planlagt i løpet av siste halvår 2019.
Ferja skal i rute mellom Aukra og Hollingsholmen, der ferjekaia på Hollingsholmen skal byggjast om med komplett ladesystem.
Fleire kontraktar
Bergen-baserte NES har levert fleire hybrid-elektriske framdriftssystem til Fjord1 sine nybygg det siste året.Selskapet har tidligare også bygt om ferjer frå diesel-mekanisk til diesel-elektrisk fremdrift, men dette blir første ombygging til hybrid heilelektrisk ferje
Nye løysingar
Havyard opplyser at til ombygginga av Norangsfjord skal NES levere systemintegrasjon og kalkulasjonar. Med i leveransen er også den nytvikla QuadroMaster DC-tavla med den nye brytarløysinga Odins Eye.I leveransen inngår også frekvensomformarar, batterisystem, ladesystem med ladepluggar og transformatorar, samt oppgardering av fleire system på ferja.
På landsida skal det leverast systemintegrasjon og kalkulasjonar, ladeplugg og kraftelektronikk, inklusive batteri og ladesystem.
Publisert: 26.02.2019 15:07
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:31