Skal gjenerobre sjøen til persontransport
Seks konsortium konkurrerer om å utvikle hurtigbåtar som både blir billegare i drift og utsleppsfrie.
ANALYSE:
Det er fylkeskommunane Vestland, Trøndelag, Nordland og Troms og Finnmark som står bak prosjektet, og som har plukka ut dei seks konsortia som konkurrerer om å utvikle kvar sine alternativ.
Les melding frå Vestland fylkeskommune her
Trass alle sine fjordar er Møre og Romsdal fylkeskommune ikkje med på prosjekt, men ein suksess i utviklingsarbeidet kan uansett kome fylket til gode.
Både driftskostnadane og CO2-utsleppa frå bruk av fossilt drivstoff er hinder for ein meir utstrakt bruk av hurtigbåt enn i dag. Det er synd, for meir persontransport på sjø kunne avlasta vegnettet på Nordvestlandet.
Eker Design i Fredrikstad, ESNA i Kristiansand, LMG Marin i Bergen, SES-X i Oslo, Transportutvikling i Narvik og Umoe Mandal i Mandal står i spissen for kvart sitt konsortium.
Målet er eit fartøy som har redusert energiforbruket med minst 30 prosent samanlikna med dagens hurtigbåtar og i tillegg ikkje har utslepp av CO2.
I praksis betyr det truleg batteridrift, men konkurransedeltakarane står fritt til å velje energiberar.
Fylkeskommunane skal seinare også lyse ut ein konkurranse om å utvikle hurtigbåt som har hydrogen som energiberar, som vil vere alternativet på lange distansar, som til dømes Selje-Bergen og Kristiansund-Trondheim.
Kvart konsortium har fått 1,5 millionar kroner i støtte for å vidareutvikle designet sitt. I april 2022 blir dei seks redusert til fire.
Ved årsskiftet 2022/2023 blir tre vald ut til å vere med vidare og lage fullstendige arbeidsteikningar og fortelje kva det vil koste og drive fartøyet. Dei tre som er med heilt til slutten av konkurransen vil ha fått i alt 16,5 millionar kroner kvar i støtte for utviklingsarbeidet.
Illustrasjonane frå dei seks konsortia viser at det er eit stort spenn i korleis dei vil løyse oppgåva.
Det er ingen reine luftputebåtar å sjå, men der er både einskrog og toskrogsløysingar i kombinasjon med luftputeliknande teknologi - som løftar båten delvis opp av vatnet og dermed reduserer motstanden som skal overvinnast.
Hydrofoilfartøy er vanleg i utlandet, men har lenge vore vekke frå den norske marknaden. No vil konsortiet som LMG Marin i Bergen står i spissen for reintrodusere den, men i eit lettare materiale enn stål. Ein hydrofoilvenge er kort forklart ein flyvenge i vatn. Når motorane får båten i fart løftar skroget seg opp og berre vengane er i vatnet.
Les også
Den siste hydrofoilbåten i Noreg gjekk ut av trafikk i 1987, etter å ha trafikkert fjordane i Ryfylke. Etterpå er det katamaranane som har dominert på norskekysten.
Ein ekte luftputebåt var i ein kort periode i 1965 til utprøving på Nordvestlandet, med turar mellom Ålesund, Åndalsnes, Molde, Vigra, Stranda og Ørsta.
Det gjekk fort. 35 minutt mellom Ørsta og Ålesund og ein time og 15 minutt mellom Ålesund og Molde, ifølgje rutetabellen. Men ein velt etter ein kjapp manøver i Hessafjorden sette sluttstrek for utprøvinga (alle om bord berga seg).
Meir energieffektive båtar, som er poenget med utviklingsprosjektet, gir større spelerom både for båtbyggarane og for drifta av båtane.
Det kan utvide rekkevidda, som mellom anna gjer at batteridrivne båtar kan brukast på fleire samband enn i dag - eller at dei kan auka farten utan av drivstoffkostnadane blir større enn i dag.
Begge deler kan gjere hurtigbåten meir attraktiv - i konkurransen med privatbilen.
Publisert: 05.12.2021 06:00
Sist oppdatert: 21.02.2022 14:41