Skal kurse gruenderar i produktutvikling
INNOVASJON: Jimmy Kieffer meiner at det finst eit for dårleg tilbod i kursing av gründerar i produktutvikling. Han ønskjer å tette dette holet.
Nytt

Skal kurse gründerar i produktutvikling

Med utgangspunkt frå vesle Flø i Ulstein satsar Jimmy Kieffer og selskapet Kieffer AS på å kurse gründerar og innovative miljø i produktutvikling.

19.01.2014
- Til lenger vest på kysten av Norge ein kjem, til fortare går det i svingane, gjerne også når det gjeld produktutvikling.
- Dette er slett ikkje berre negativt, men av til kan det vere lurt å ha ein meir grundig plan, seier Jimmy Kieffer.
For to år sidan hoppa han av ein jobb i Ulstein Design og starta sitt eige selskap. No er han klar med kurset "Design- og produktutvikling i innovative miljøer", der deltakarane skal opplærast i å jobbe fram nye produkt og tenester på ein meir effektiv måte.
- Produktutvikling er ein prosess der vegen ofte vert til medan ein går, og der det gjerne finst mange vegar til målet, seier Kieffer.

Hol i tilbodet

Han seier at det finst mange ulike kurs i offentleg regi, men at det er eit hol i tilbodet når det gjeld sjølve produktutviklinga.
- Dette holet håpar eg på å tette.
- Særleg i små og raskt veksande bedrifter kan utviklingsprosessen verte uoversiktleg og lite strukturert. Konsekvensen er ineffektiv produktutvikling, mykje prøving og feiling og ein kronglete og unødvendig lang veg ut til marknaden.

Frankrike

Kieffer er opphaveleg frå Frankrike, og har 13 år erfaring i produktutvikling i fleire sektorar. Han er utdanna sivilingeniør i maskinteknikk (2000) ved Ecole Nationale Supérieure des Arts et Industries de Strasbourg i Frankrike, og har tatt vidareutdanning i mellom anna innovasjon, prosjektleiing og styrearbeid.
Han har budd seks år i Sverige og sju år i Norge, dei siste to åra i Ulstein.
Kieeffer opplyser at på kurset får deltakarane både inspirasjon og eit godt generisk verktøy som kan brukast i utviklinga av fysiske produkt og nye tenester.
- Kurset leier deg gjennom ein velprøvd utviklingsprosess, med teoretisk innhald henta frå mellom anna Blue Ocean Strategy, Service Design Thinking, Five Disciplines of Innovation og forretningsmodellteori. Erfaringsutveksling vil også vere eit viktig moment i kurset.

Kontinuerleg læring

Han seier at kurset passar best for ingeniørar og leiarar som har drive med produktutvikling ei stund.
- Kontinuerleg læring er gull verd.
- Klarer ein å forbetre sjølve innovasjonsprosessen, kan det være heilt avgjerande for konkurranseeva til den enkelte bedrifta.
Kurset går normalt over to dagar og skal arrangerast ei rekkje stader i Møre og Romsdal.
Kontinuerleg læring er gull verd

Publisert: 19.01.2014 23:23

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:30