Hogne Halleråker Ole Arne Eiksund foto Ogne
BYGGESTART: Hogne Hallaråker og dagleg leiar Ole Arne Eiksund i Arctic Bioscience er vertar når selskapet markerer byggestart for ny fabrikk i dag. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Startar psoriasistest første halvår

Arctic Bioscience er i rute med testprogrammet for legemiddel mot hudsjukdommen psoriasis.

18.11.2021

Arctic Bioscience skal gjennomføre ein ny og større studie i fleire land av psoriasislegemiddelet selskapet har utvikla basert på ingrediensar i silderogn.

Studien er eit nytt steg på vegen mot å få godkjent produktet som legemiddel. Ein studie ved Haukeland Universitetssjukehus gav positive resultat for selskapet, men var berre eitt av dei første stega fram mot ei endleg godkjenning.

Les børsmelding her

Først i 2025/2026 reknar selskapet med at produktet kan vere klar for marknaden.

Minus-resultat
I ei oppdatering pr. 3. kvartal, som selskapet har sendt ut i dag, anslår Artctic Nutrition at driftsinntektene for selskapet vil bli mellom 20 og 25 millionar kroner i år.

Det er på line med eller høgare enn i 2020 (sjå tabell), men lågare enn rekorden på 30 millionar kroner i 2019.

Inntil ei eventuell godkjenning av psoriasis-produktet som legemidddel er på plass er det helsekostprodukt basert på silderogn som er inntektskjelda til selskapet.

Satsinga på legemiddelmarknaden, som mellom anna også omfattar utvikling av eit produkt som kan betre hjerneutvikling hos tidlegfødde, har auka underskota. Selskapet anslår at driftsresultatet før av- og nedskrivingar (Ebitda) blir mellom minus 25 og minus 30 millionar kroner i år.

Ved slutten av året vil selskapet ha mellom 200 og 220 millionar kroner i kontantar.

Ny fabrikk
I dag markerer Arctic Bioscience byggestart for ein ny fabrikk til 200 milllionar kroner i Hovdebygda i Ørsta.

Den skal kunne produsere både helsekostprodukt og legemiddel.

Arctic Bioscience as

3. kvartal. I mill. kroner

2021
Driftsinntekt4,8

Driftsres. før av- og nedskriving

-7,4
Arctic Bioscience as
Pr. 3. kvartal. I mill. kroner2021
Driftsinntekt16,8
Driftsres. før av- og nedskriving-27,4
Arctic Bioscience as

Heile året. I mill. kroner

2020
Driftsinntekt20,6
Driftsres. før av- og nedskriving-20,5
Driftsresultat-21,7
Resultat før skatt-22,6

Publisert: 18.11.2021 08:47

Sist oppdatert: 18.11.2021 08:48

Mer om