Arctic Bioscience Frå sjøen 1 utsnitt Hogne Halleråker og Ole Arne Eiksund innfelt
TØRRTRENING: Primus motor for Arctic Bioscience, Hogne Hallaråker (innfelt til venstre), og dagleg leiar Ole Arne Eiksund tørrtrenar på første spadestikk på tomta som skal bli ny fabrikk. Foto/Illustrasjon: Arctic Bioscience
Nytt

Markerer byggestart for ny fabrikk

Arctic Bioscience investerer 200 millionar i ny fabrikk og produksjonsustyr.

17.11.2021

Deler av dei gamle fabrikkbygningane som tidlegare husa Møre Trikotasjefabrikk i Hovdebygda i Ørsta, er rivne. Torsdag markerer børsnoterte Arctic Bioscience byggestart for ny fabrikk.

Bygg og produksjonsutstyr har ein prislapp på 200 millionar kroner, ifølgje dagleg leiar Ole Arne Eiksund i Arctic Bioscience.

Fabrikken blir bygd både for å kunne produsere helsekostprodukt - som Arctic Bioscence har drive med i fleire år - og for å kunne produserer legemiddel - som selskapet arbeider med å utvikle og teste.

Arctic Bioscience tomt Foto Ogne
FERDIG RYDDA: Deler er den gamle fabrikkbygningen er riven og tomta for nytt bygg er planert. Foto: Ogne Øyehaug

150 tilsette
Fram til fabrikken vart nedlagt på midten av 1980-talet var produksjon av dameundertøy, hovudverksemda til Møre Trikotasjefabrikk, der Arctic Bioscience held til i dag. På det meste var 150 tilsette i selskapet.

Grunnleggarene av helsekostselskapet Natural, Jan Remmereit, fekk i gang ny verksemd i bygget. Natural vart seld til Aker-konsernet, men Remmereit og miljøet rundt han dreiv vidare i bygget.

I dette miljøet sprang også Arctic Bioscience ut, basert på vidareforedling av silderogn.

I tillegg til helsekostprodukt er silderogn også utgangspunktet for utvikling av eit mogleg legemiddel mot hudsjukdomen psoriasis, og for å betre utviklinga av hjerna hos tidleg fødde barn. Status for begge desse utviklingsarbeida blir presenter på arrangementet torsdag, der også administrerande direktør Karita Bekkemellom i bransjeforeininga for legemiddelindustrien blir til stades.

Publisert: 17.11.2021 14:37

Sist oppdatert: 17.11.2021 15:24

Mer om