– Vi håpar at folk skal seie «look to Ørsta»
Ordføraren er mellom dei som lovprisar satsinga til Arctic Bioscience. Kompetansearbeidsplassar er stikkordet.
Torsdag blei byggestarten for fabrikken til Arctic Bioscience i Hovdebygda markert. Innan to år reknar selskapet med å ha opptil 20 fleire tilsette i arbeid med å produsere kosttilskot og legemiddel.
– Det å etablere ei slik bedrift her på Sunnmøre og i Ørsta, gir
heilt unike kompetansearbeidsplassar. Vi håpar det kan bli slik at folk
seier «look to Ørsta» når det gjeld legemiddelproduksjon innafor vårt
fagområde, fortel administrerande direktør Ole Arne Eiksund i Arctic
Bioscience til NETT NO.
Kort veg til ressursane
Fagområdet til Arctic Bioscience er å utvikle unike produkt frå silderogn – også kalla lipider. Dei starta som eit helsekostselskap med produkt basert på silderogn, og dei har jobba seg inn i legemiddelbransjen.
– Teknologien og kunnskapen er vår eigen. Samtidig har vi kort veg til ressursane og dei lokale pelagialeverandørane som leverer silderogna som vi jobbar med å utvikle ulike produkt frå, fortel Eiksund.
I tillegg til helsekostprodukt er silderogna utgangspunktet for utvikling av ein legemiddelkandidat mot hudsjukdomen psoriasis.
Arctic Bioscience har også innleia samarbeid med hjerneforskar og «treningslege» Ole Petter Hjelle og Knut Smerud i Smerud Medical. Saman skal dei undersøke korleis ein kan utvikle produkt for å betre utviklinga av hjernen hos tidleg-fødde barn.
(saka held fram under)
– Fantastisk for Ørsta kommune
Ordførar Stein Aam påpeika at fabrikken blir bygd på historisk grunn når det gjeld å drive næringsverksemd og industri.
Lokala husa tidlegare Møre Trikotasjefabrikk, og no står ei ny epoke for døra.
– Det som no skjer er fantastisk for Ørsta kommune. Det er høgkompetansearbeidsplassar som skal vidareutvikle naturprodukt, sa Aam som såg fram til å kome tilbake til opninga.
– Dette blir stort, vi har trua på dokke og vi skal hjelpe dokke vidare i arbeidet, sa Aam.
Deler er den gamle fabrikkbygningen er riven og tomta er planert for eit nytt frittståande bygg. Planen er at fabrikken skal stå klar mot slutten av 2023 og produksjonen av ingrediensar til helsekostmiddel og legemiddel då skal skje parallelt.
(saka held fram under)
Treng ny industri
Regiondirektør Helge Gjerde i Innovasjon Norge Møre og Romsdal sa seg veldig samd med ordføraren om at det var ein stor dag. Gjerde fortalde at han allereie frå første besøket fekk eit inntrykk av at selskapet kunne vere med å bygge noko nytt og annleis.
– Vi treng å bygge på det vi har, men også bygge ny industri, påpeika Gjerde og viste til styresmaktenes sitt mål om å auke i eksporten.
Innovasjon Norge har bidrege med kring 90 millionar kroner med lån, tilskott og tenester i arbeidet med å bygge opp selskapet som tidlegare gjekk under namnet Arctic Nutriotion. Firmaet skifta namn etter at dei dreia satsinga mot legemiddel.
Publisert: 18.11.2021 14:45
Sist oppdatert: 18.11.2021 22:20