Skjermdump hoksrud stortinget skjenkestopp 11
VOTERING TORSDAG: Frp-politikar Bård Hoksrud (t.h.) gløymde først å levere dokumentet til fungerande stortingspresident Svein Harberg (H) på veg ned frå talarstolen. Forslaget blei levert - men får truleg ikkje fleirtal. Skjermdump: Stortinget.no
Nytt

Skal stemme over skjenkestopp

Frp og MDG-forslag til hastebehandling – men får truleg ikkje fleirtal.

Marius Rosbach
05.01.2022

Onsdag leverte Bård Hoksrud Frp sitt forslag til Stortinget om å oppheve den nasjonale skjenkestoppen med det same. Også MDG leverte eit tilsvarande forslag, og det blir votert over begge torsdag.

Det kom til ei munter replikkveksling mellom Hoksrud og fungerande stortingspresident Svein Harberg (H) da Frp-politikaren gløymde å levere dokumentet på veg ned frå talarstolen.

– Elles er det vanskeleg å få behandla det, sa Harberg.

– Ja, det kan vere greitt, ver så god, repliserte Hoksrud, som sa seg nøgd med at Harberg ville hastebehandle forslaget.

Får truleg ikkje fleirtal

Sjansen for å få fleirtal for å oppheve skjenkestoppen ser likevel ikkje lys ut.

Høgre med Erna Solberg i spissen har vore tydelege på at dei vil stå saman med regjeringa i denne saka – og ikkje la Stortinget diktere smittevernpolitikken.

Venstre vil også fjerne forbodet, medan SV ber om ei revurdering.

NHO vil ha vaksinepass
Forbodet mot å skjenke alkohol grunna koronapandemien, har likevel skapt stor debatt og fleire stiller spørsmål ved behovet.

Seinast tysdag gjekk Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv ut og tok til orde bruk av vaksinepass i staden for skjenkeforbod.

Vil at kommunane avgjer
Hoksrud, som er Frps helsepolitiske talsperson, uttaler onsdag at forbodet gir store utfordringar for samfunnet og enkeltmenneske, og etterlyser betre faglege grunngjevingar.

I forslaget frå Frp heiter det som følgjer:

«Stortinget ber regjeringen sørge for at kommunene selv avgjør om det skal kunne tillates alkoholservering i forbindelse med matservering, så lenge det er strenge smitteverntiltak».

Frp ber òg regjeringa sørgje for at skjenkestader forpliktar seg til å halde oppe avstand og avgrensingar i talet på gjester.

Publisert: 05.01.2022 15:41

Sist oppdatert: 05.01.2022 15:48

Mer om