NAV foto Gorm kallestad Scanpix
NAV: Færre har fått permitteringsvarsel. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad, Scanpix
Nytt

Korona-ordning bremsa permitteringane

Sist veke fekk 3.150 tilsette varsel om permittering, ein kraftig nedgang frå veka før. Regjeringas nye løfte om lønnsstøtte er truleg årsaka.

NPK
27.12.2021

– Lønnsstøtteordninga har ført til stans i permitteringar frå overnattingsverksemder, men vi held fram med å få varsel frå serveringsverksemder, seier arbeids- og velferdsdirektør Hans Christian Holte i pressemelding.

Medan serveringsverksemder står for flest permisjonsvarsel, er det ein kraftig nedgang i varsel frå overnattingsverksemdene, ifølgje Nav.

– Målet til denne regjeringa er å halde flest mogleg folk i arbeid. Som eit alternativ til permittering arbeidde vi saman med partane om ei lønnsstøtteordning, slik at bedriftene kan tilby dei tilsette andre, relevante arbeidsoppgåver. Som Nav påpeikar, har mange store verksemder gjennom media varsla at dei trekkjer permisjonsvarsla sine. Det er gledeleg å sjå, seier arbeids- og inkluderingsminister Hadia Tajik (Ap).

Servering og sjøfart
I veke 51 fekk Nav varsel om permitteringar for 3.150 personar, og dessutan varsel om oppseiingar for 100 personar. 185 verksemder leverte varsel om permitteringar førre veke. Ifølgje tala står varsel som gjeld 100 personar eller fleire, for 32 prosent av permisjonsvarsla.

Kvart tredje permisjonsvarsel – 1.100 – gjeld tilsette i serveringsverksemder. Sjøfart er næringa der nest flest er ramma (700). Deretter følgjer produksjon av nærings- og nytingsmiddel (400).

Innan overnattingsverksemder fall talet på permitteringar til litt over 100 førre veke.

Nav understrekar at statistikken ikkje viser kor mange av permisjonsvarsla eller oppseiingane som faktisk blir gjennomførte. Ifølgje Nav har fleire verksemder som leverte varsel om permitteringar til Nav i veke 50, i løpet av siste veke sagt offentleg at desse ikkje vil bli gjennomførte.

Lover treffsikre ordningar
Før dei siste innstrammingane vart i snitt om lag 500 personar ramma av varsel om permitteringar og masseoppseiingar kvar veke. Sjølv om talet på ramma personar førre veke var over seks gonger så mange, er det likevel ein kraftig nedgang frå veka før då 15.200 personar var ramma.

– Mange av bedriftene som no blir påverka hardast av smitteverntiltaka, er dei same bedriftene som har hatt det krevjande under heile pandemien. Regjeringa skal halde fram med å sørgje for gode og treffsikre økonomiske ordningar så lenge denne krisa varer, lovar Tajik.

Publisert: 27.12.2021 13:07

Sist oppdatert: 27.12.2021 13:11

Mer om