Kongsberg Vard Rem
KLYNGESAMARBEID: Frå venstre Thomas Dalsøren (Rem), Runar Vågnes (Vard), Ottar Ristesund (Kongsberg), Ronny Pål Kvalsvik (Rem), Åge Remøy (Rem) og Wenche H. Andersen (Kongsberg). Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Klyngesamarbeid rundt ny framdriftsløysing

Eit samarbeid mellom Vard, Kongsberg Maritime og Rem Offshore kan gi store ringverknader for Kongsberg si propellavdeling i Ulsteinvik.

13.09.2021

- Løysinga er utvikla i nært samarbeid mellom Vard og Rem Offshore i Fosnavåg. Utstyret skal produserast hos oss i Ulsteinvik, og nok ein gong viser den sunnmørske klynga veg.

- Denne satsinga viser at vi er verdsleiande i utviklinga av propulsjonteknologi.

Det seier Ottar Ristesund, SVP Sales for Kongsberg Maritime, etter at Vard har signert kontrakt på levering av framdriftssystem for Rem Offshore sine to 85 meter lange spesialutvikla havvindstøttefartøy.

Magnetar
Dette vert dei hittil største skipa som får thrustarar med PM-teknologi (permanent magnet, red merk), der eit elektrisk magnetfelt står for rotasjonen.

Etter det NETT NO har grunn til å tru er verdien på den første kontrakten på rundt 80 millionar kroner, og vil verte dobla om Rem bestemmer seg for å byggje ytterlegare to skip hos Vard.

Men for Kongsberg Maritime er det stort håp om at dette vert ei framdriftsløysing som andre reiarar vil ta i bruk, ikkje minst innanfor havvind.

Mindre støy og betre effekt
Kongsberg Maritime opplyser at løysinga fører til betre manøvrering, redusert støy, samt høgare propulsjonseffekt, og i tillegg redusere rørslene i fartøya når dei skal liggje tett inntil vindturbinane.

Miljøutsleppa vert også reduserte, blant anna fordi PM-thusterane ikkje er tilkopla oljepumper.

I ein tradisjonell thruster er propellen driven av ein aksling tilkopla ein ekstern motor. For ein PM-thruster er det derimot eit elektrisk magnetfelt som genererer rotasjon rundt ytterkanten av propellblada. Det er ingen gir eller tannhjul involvert, og motorkrafta vert overført direkte til propellen.

Klynga viser veg
Rem Offshore-gründer Åge Remøy seier selskapet har tradisjon for å vere tidleg ute med nye løysingar, og synst det er ekstra gledeleg at det er den sunnmørske klynga som viser veg.

- Dette er viktig for at det skal byggje og bu folk ute i desse bygdene.

Han er opptatt av at PM-thrusterane har rask responstid med liten bruk av energi.

- Det er alltid spennande med nye prototyper. Det er oppetida vi får betalt for, og vi er trygge på at løysinga fungerer slik ho skal.

Denne satsinga viser at vi er verdsleiinga av utviklinga av propulsjonteknologi
Ottar Ristesund

100 millionar euro
I pakkeleveransen frå Kongsberg Maritime inngår det to hovedpropellar og to tunnelthrustarar som alle har PM-teknologi. I tillegg omfattar ordren ein swing-up thruster og kontrollsystem for dynamisk posisjonering, og ei ny løysing som skal bidra til mindre rulling i sjøen.

Verdien på dei to første kontraktane med Vard er rundt 100 millionar euro, og er den desidert største enkeltsatsinga hittil for Rem Offshore.

Skroga skal byggjast i Romania og Vietnam, men utrustning og ferdiggjering skal utførast av Vard på Sunnmøre.

Det første av dei to nye fartøya er planlagt levert frå Vard i første halvdel av 2023.

Publisert: 13.09.2021 13:38

Sist oppdatert: 13.09.2021 14:20

Mer om