Shipmed Geir Østrem Kristin Brekke foto Marius 11
OPTIMISME: Shipmed-sjef Geir Østrem og Kristin Brekke på Nor-Shipping-messa. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Skipssjukehus veks på havvind

– Godt for næringa å få den boomen som vi ser no, fortel Shipmed-sjef.

Marius Rosbach
08.06.2023

Ålesund-selskapet Shipmed opplever god auke i aktiviteten om dagen. Ein av dei viktigaste drivarane er oppsving innan bygging av havvindskip.

– Vi opplever ein veldig fokus og vekst på offshore wind. Vard bygger mykje og vi leverer komplette hospitalløysingar til stort sett alle, fortel Shipmed-sjef Geir Østrem til NETT NO.

Nyleg var dei om bord på Norwind-reiarlaget sitt nye fartøy Norwind Gale, for å levere hospitalløysing om bord. Havvindskipet blir snart levert frå Vard og skal døypast seinare i juni.

Godt å kjenne på optimismen
Saman med Kristin Brekke er Østrem denne veka på Nor-Shipping-messa. Han fortel at det er kjekt å kjenne på optimismen som er på full fart tilbake i bransjen – spesielt innan offshore.

– Eg trur det er godt for næringa å få den boomen som vi ser no, seier Østrem.

Selskapet bygger og leverer i første rekke sjukehus for bruk til sjøs. I tillegg leverer dei systemtenester kalla Shipmed Safety System, som gir reiarlaget oversikt over medisin, utstyr og sertifikat for heile flåten.

– Innreiinga skal først på plass. Etterpå kjem vi om bord og etablerer hospitalet og merkar og plasserer utstyret, som dei vil finne igjen i systemet som følgjer med, fortel Brekke.

Shipmed Sunny Lady foto Shipmed 11
SUNNY LADY: Skipssjukehuset om bord på det nye flaggskipet til Teige Gruppen, Sunny Lady, kjem frå Shipmed. Foto: Shipmed

Fekk spørsmål om superyacht
Shipmed er óg inne i cruisemarknaden for dei mindre skipa på opptil 300-400 passasjerar.

– Vi er godt inne på det som bli kalla ekspedisjonscruiseskip, også leverer vi til alle Havila Kystruten sine skip. Det er kjempespennande, legg Østrem til.

Sjølv om det er litt meir aktivitet i marknaden, er det framleis ikkje losna slik at nivået er oppe som før pandemien.

– Eg fekk óg eit spørsmål frå to personar på messa, som lurte på om vi er inne på superyacht-marknaden, seier Brekke.

«Not yet», var svaret – men det er eit høgst interessant marknad å utforske.

Gjorde investeringsløft i fjor
Rekneskapen for 2022 er ikkje levert enno, men Shipmed-sjefen fortel at omsetninga auka samanlikna med 2021. Då hadde dei inntekter på kring 11 millionar kroner.

Overskotet frå 2022 blir ikkje stort, men det er resultatet av eit bevisst val.

– Vi har investert relativt mykje i programvareutvikling mellom anna, og brukt meir pengar enn i eit normalår, fortel Østrem.

Shipmed sprang ut av Medi3-konsernet for kring fem år sidan. Selskapet er eigd av Medi3, der Teige Gruppen i Herøy er hovudaksjonærar.

Publisert: 08.06.2023 05:00

Sist oppdatert: 08.06.2023 01:34

Mer om