Norwind breeze dåp innfelt sverre andreas farstad foto marius 11
NY SATSING: Sverre Andreas Farstad (innfelt) er mellom dei som er sentrale i å bygge eit verdsleiande reiarlag innan havvind, som er styrt frå Ålesund. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Farstad om havvindsatsing: - Som å bli født på ny

Ålesund-reiarlag får permitterte sjøfolk ut i jobb – trur på fleire skip.

Marius Rosbach
30.05.2022

Sverre A. Farstad var mellom dei som deltok på skipsdåpen for Norwind sitt nye skip på Vard Brattvåg måndag. Den ombygde PSV-en skal rett ut i oppdrag.

Veteranen i den maritime klynga fortel at han er glad for at dei tre ålesund-familiane har funne saman om satsing på havvind i eit felles reiarlag.

- Det er som å bli født på ny, svarar Farstad på spørsmål om korleis det er å vere i gong att.

Han legg på ein latter, men det er ingen tvil om at det betyr mykje å få eitt nytt skip på vatnet og sjøfolka tilbake i jobb. I underkant av 20 sjøfolk på skift vil vere i jobb framover.

Farstad legg heller ikkje skjul på at dei på sikt vil ha fleire enn dei fem skipa dei no har i bestilling frå Vard.

(saka held fram under)

Fredrik hessen andy farstad sverre olav farstad på Norwind Breeze foto marius 11
MYKJE LOKALE OPPDRAG: Vard-sjef Fredrik Hessen saman med Sverre Andreas Farstad og Sverre Olav Farstad i eit av mannskapsområda på Norwind Breeze. Mykje av innreiinga kjem frå lokale bedrifter som Ekornes. Foto: Marius Rosbach

Dansk fond vil eige kring halvparten
Norwind-reiarlaget består i tillegg til Farstad-familien, av Eivind Volstad og sonen Espen, begge med bakgrunn frå Volstad Shipping. I tillegg er Kleven-familien med gjennom Maren Kleven Fox og Magnus Kleven - begge barna til Bunker Oil-eigar, Jan Magnus Kleven.

Med på eigarsida har også dei også fått med det danske investeringsfondet Navigare Capital Partners. På sikt skal dei auke eigardelen til kring halvparten avhengig av kor raskt reiarlaget veks framover.

- Dei kjente litt til den maritime klynga på Nordvestlandet frå før, og hadde vore i dialog med fleire før dei valte oss, fortel «Andy» Farstad til NETT NO.

Sjøfolk tilbake frå permitteringar

Norwind-reiarlaget er bygd på staben til det tidlegare offshorereiarlaget frå Ålesund. Mange av sjøfolka er også dei same, medan nokre er nyrekrutterte.

- Storparten er frå mannskap vi har hatt tidlegare og som har vore permitterte i vinter. I tillegg har vi rekruttert nokre som har spesialkompetanse for slike oppdrag, fortel administrerande direktør Svein Leon Aure til NETT NO.

Han er nøgd med at Vard har levert skipet på tid, trass i ulike utfordringar som følgje av koronapandemi og krigen i Ukraina.

Vidare skal dei ha fire nybygg frå Vard sine verft. Eitt skal leverast frå Brattvåg i mai neste år og eitt i mars 2024, før dei to siste skal bli utrusta frå Vung Tau-verftet i Vietnam og levert i 2025.

(saka held fram under)

Dag vikestrand svein leo aure norwind breeze foto marius 11
FØREBELS GANGVEG: Verftsdirektør Dag Vikestrand og reiarsjef Svein Leon Aure i Norwind framfor den førebelse gangvegen som er montert slik at reiarlaget kan utføre sitt første oppdrag. Seinare skal den skiftast ut med ein større type.

- Må skunde oss litt
Planane til den norske regjeringa på havvind, og omfanget av utbygging som skal gjerast, er bra, meiner Norwind-sjefen.

Men Aure skulle gjerne sett at tempoet var større.

- Vi skulle gjerne sett at det hadde kome i gong raskare. Både vi og industrien elles i Norge har kapasitet til å vere med på dette, men vi må skunde oss litt, legg han til.

Publisert: 30.05.2022 16:01

Sist oppdatert: 01.01.2023 14:01

Mer om