Jan Christian Vestre Tore Ulstein foto Marius 11
GOD TONE: Næringsminister Jan Christian Vestre og Ulstein Group-eigar Tore Ulstein er usamde om mykje, men tonen mellom dei er god. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Tore Ulstein: – Kjenner meg ikkje igjen

Utfordra verkelegheitsbeskrivinga til næringsministeren - som svarar på tiltale.

Marius Rosbach
24.01.2024

Næringsminister Jan Christian Vestre og Tore Ulstein var mellom dei som deltok på konferansen Smart Produksjon 2024 i Ålesund.

Medan Vestre nytta store delar av sitt innlegg til å snakke om kor bra det stod til i norsk næringsliv, hadde Ulstein fleire innvendingar til regjeringa sin næringspolitikk.

– Alt Vestre seier er fint og flott, men eg kjenner meg ikkje igjen i den verkelegheitsbeskrivinga som han gir, seier Tore Ulstein til NETT NO etter å ha høyrt på næringsministeren.

– Straffar oss med dobla eigarskattar
På ståande fot kjem Ulstein Group-eigaren med nokre eksempel der han meiner det er stor avstand mellom kva næringsministeren seier og verkelegheita.

– Vi har brukt kring 1,2 milliardar kroner i Ulstein Group for å omstille oss sidan 2015. Undervegs har vi fått ei ny regjeringa som straffar oss med dobla eigarskattar, seier han.

Det meiner han rimar dårleg med utsegn frå Vestre om at han vil gjere Norge verdas beste land å starte forretningsverksemd i.

Ulstein påpeiker at det ikkje er synd på han personleg. Samtidig meiner han det er eit større potensial til verdiskaping om bedriftene får behalde ein større del av kapitalen for omstilling og framtidig utvikling.

Tore Ulstein konferanse nmk foto Marius 11
KRITISK: Tore Ulstein fortalde at konkurransen mellom ulike land om gode rammevilkår er blitt tøffare dei siste åra. Han er kritisk til retninga Norge har tatt under Støre-regjeringa. Foto: Marius Rosbach

Trekte seg frå prestisjeprosjekt
Ulstein var i utgangspunktet ein av åtte personar i prestisjeprosjektet Nasjonalt Eksportråd. Desse skulle gi råd og stake ut kursen for korleis eksporten kan aukast med 50 prosent innan 2030 – slik regjeringa sitt mål er.

Etter kort tid trekte Ulstein seg frå arbeidet hausten 2022 fordi han meinte tiltaka det blei jobba med, ikkje var nok til å oppfylle ambisjonane.

– Eg var heilt samd i at vi må styrke eksporten, men eg sakna det som verkeleg kunne monna for å få til noko. Eg meiner vi skulle diskutert rammevilkår, men det opplevde eg at vi i stor grad styrte unna, seier Ulstein.

Ulstein har vore tydeleg på at han meiner næringslivet og bedriftseigarar blir skatta for tøft – og at den statlege draghjelpa dei får i den maritime industrien er for liten.

– Å dele ut nokre millionar her og der, vil ikkje gi oss titals milliardar i auka eksport. Då må vi også diskutere korleis vi kan få konkurransedyktige rammevilkår, seier han.

Kritisk til havvind utan kabel til Europa
Eit anna døme Ulstein viser til, er utbygging av havvind: – Her er politikarane i ferd med å rote det til, meiner han.

Han er kritisk til at det ikkje blir lagt kraftkabel til Europa i samband med dei første utbyggingane av havvind på norsk sokkel.

– Det blir mykje meir vanskeleg å få business-caset til å løne seg, fordi all krafta må gå til Norge, seier han.

Ulstein har merka seg utviklinga med auka kostnader for utbygging av vindkraft til havs.

– Mange sitt no på gjerdet og lurer på om dei skal vere med å by på dette, fordi det som ligg på bordet gir så marginale moglegheiter for inntening. Om konsekvensen blir at dei trekker seg, så er gapet stort mellom verkelegheita og det Vestre seier i dag, legg Ulstein til.

Jan Christian Vestre NMK foto Marius
STOR SATSING: Næringsministeren snakka om regjeringa si grøne industriløft under besøket i Ålesund tysdag. Han påpeiker at det er den største satsinga på næringslivet i etterkrigstida. Foto: Marius Rosbach

Er open for å diskutere formuesskatt
NETT NO omtala tysdag korleis næringsministeren er villig til å diskutere innretninga på skattesystemet – deriblant formuesskatten – for å sikre meir verdiskaping.

Vestre er likevel klar på at auka eigarskattar er ein varsla politikk frå regjeringa. Han peiker også på at mykje går i rett retning – trass utfordringane næringslivet åtvarar om.

– At det stort sett går bra i norsk næringsliv, er fakta. Vi har låg arbeidsløyse, høg sysselsetting, rekordhøge investeringar og eksport – samtidig som det blir etablert mange nye bedrifter, seier han.

Når det gjeld arbeidet til eksportrådet, som Tore Ulstein, trekte seg ut av, påpeiker Vestre at det berre består av folk frå næringslivet.

Han meiner dei i «høgste grad» også diskuterer nasjonale rammevilkår.

«Heilt trygg» på lønnsemd for havvind
Næringsministeren legg ikkje skjul på at havvind har vist seg å vere meir kostnadskrevjande enn først venta. Men det er ikkje unikt for bransjen og statsråden viser til at også olje- og gassutbyggingar er råka av det same.

– Det ville vere naivt å tru at det ikkje også ville gi effektar for fornybarnæringa. Men at det vil bli veldig lønnsamt over tid – og at det er avgjerande for å sikre norsk kraft industrien, er eg heilt trygg på, seier han.

Næringsministeren meiner det faktum at sju samarbeidsselskap ønsker å bygge ut bygge ut Sørlige Nordsjø II viser at Ulstein tar feil.

– Eg opplever også at breidda i norsk næringsliv støttar denne utbygginga, mellom anna NHO - og at dei fleste bedrifter ønsker at ting skal skje raskare enn i dag, legg Vestre til.

Publisert: 24.01.2024 05:00

Sist oppdatert: 25.01.2024 11:52

Mer om