Sulagondol illustrasjon snøhetta 11
GONDOLBANE: Destinasjon Sulafjellet innehalder planar om gondolbane, toppstasjon og tilrettelegging for friluftsaktivitetar. Illustrasjon: Snøhetta
Nytt

Skjebnedag for Sulagondolen

Nedtrapping og kansellering av investeringar ved Devoldfabrikken blir konsekvensen om gondolen får raudt. Motstandarane ber Flakk tenke alternativt.

Marius Rosbach
06.05.2021

Torsdag kveld klokka 18 vil truleg store delar av Sula sine innbyggjarar «benke seg» til direktesending frå kommunestyremøte. Då skal politikarane seie ja, eller nei til å starte områderegulering av det som kan bli regionens største reiselivssatsing.

Detaljar om korleis gondolen kan bli bygd, blir utgreia seinare og må i tilfelle opp til ny politisk behandling.

  • Via heimesidene, eller Facebook-sida til kommunen, er det mogleg å følgje debatten i kommunestyret direkte frå torsdag kl 18.

Prisen har auka
I førre runde sa politikarane ja til regulering,, men nei til gondol-traseen Flakk Gruppen har jobba med. Difor er har dei lagt eit nytt traséforslag på bordet.

Tidlegare er det opplyst at prisen vil vere på kring 400 millionar, men med alternativ trase og auka kostnader med mellomstasjonen trur Knut Flakk prisen vil kome opp mot 450 millionar.

– Men vi er framleis i ein tidleg fase, påpeiker han til NETT NO om anslaget.

Sulagondol avstemming skjermdump 11
FØRRE RUNDE: Ap, KrF og Sulalista sine representantar stemte ja sist gong, medan Frp og Venstre stemte mot. Høgre og SV var delt. Torsdag tek kommunestyret stilling til ein ny trase. Skjermdump: Sula kommune-tv

Alternativ bruk av Devoldfabrikken
Flakk fortel at mykje av motivasjonen bak prosjektet er å skape nytt liv ved Devoldfabrikken, der gondolbana er meint å starte. Om politikarane seier nei torsdag, reknar Flakk med at prosjektet er skrinlagt.

– Vi har ikkje andre forslag. Då må ein også vere budd på at det blir ei gradvis nedtrapping ved fabrikken. Vi har tapt kring 35 millionar kroner sidan 2016, og kan ikkje halde fram slik, fortel han til NETT NO.

Flakk nemner utleige til lagerverksemd eller industriell verksemd, som ein alternativ bruk av bygningane,

Trur handelskampen blir tøffare
Styreleiaren og eigaren av familiekonsernet med ein lang rekke verksemder, seier dei har forsøkt mange ulike måtar å gjere handelsstaden i Langevåg attraktiv på. Men Flakk konstaterer at utviklinga i stor grad har vore negativ.

– Og eg trur ikkje konkurransen blir mindre, men i staden blir intensivert auka netthandel og ekspanssjonen som vi ser på til eksempel Moa og Digernes, legg han til.

I tillegg til gondolbane til toppen av fjellet, inkluderer prosjektet som har fått namnet «Destinasjon Sulafjellet» ein toppstasjon teikna av arkitektane i Snøhetta og tilrettelegging for friluftsaktivitetar.

Sulagondol illustrasjon snøhetta 33
KRITISKE TIL BYGGEMETODEN: Organisasjonen Vern om Sula er kritiske til kommersialiseringa av fjellet og metoden Flakk Gruppen har skissert for å bygge toppstasjonen, ved å skjere eit hakk i fjellet, som bygninga skal senkast ned i. Illustrasjon: Snøhetta
Vårt utgangspunkt er at dette ikkje er eit ønskeleg prosjekt uavhengig av kva trasé ein endar opp med
Ingvild Molvær De Iacovo

Seier nei -uavhengig av ny trasé
Motstanden lokalt har vore betydeleg. Ingvild Molvær De Iacovo er styreleiar for organisasjonen Vern om Sula der innbyggjarane har organisert seg.

– Vårt utgangspunkt er at dette ikkje er eit ønskeleg prosjekt uavhengig av kva trasé ein endar opp med, fortel ho til NETT NO.

At den nye traséen går over færre hus, forandrar med andre ord ikkje noko for motstandarane.

De Iacovo fortel at dei også kritiske til kommersialiseringa av fjellet og metoden som er skissert for å bygge toppstasjonen, ved å skjere eit hakk i fjellet, som bygninga skal senkast ned i.

– Det er eit uoppretteleg inngrep i naturen, som vi seier nei takk til, fortel ho.

Meiner det finst alternativ
Ingvild Molvær De Iacovo lar seg ikkje overtyde av argumenta til utbyggjarane i Flakk Gruppen, om at det er nødvendig med gondolbane for å hindre ei nedtrapping av aktiviteten ved Devoldfabrikken.

– Flakk har lagt ned eit enormt engasjement i Langevåg, og vi er kjempetakknemlege for den utviklinga og innsatsen som har vore. Samtidig meiner vi det er ein stor variasjon av grep ein kan gjere, når dei har så store lokale som dei har, meiner ho.

Investeringsplanar som til døme utviding av cafeen, vert naturlegvis skrinlagde om det blir nei til gondol
Knut Flakk
Devoldfabrikken foto Håvard Devold 11
NDETRAPPING: Knut Flakk fortel at dei ikkje ser andre alternativ enn å droppe investeringar ved Devoldfabrikken trappe ned verksemda, om det blir nei til gondol. Foto: Håvard Devold

De Iacovo trur ein «brainstorming» med innbyggjarane kan vere positiv og meiningsfull, for å finne løysingar som vil gi mindre negative konsekvensar for bebuarane som blir råka. Ho opplever utspelet frå Flakk som ein trussel mot kommunen.,

– Det er litt trist at ein skal redde eit kjøpesenter med å kaste ein heil gjeng innbyggjarar og naturen vår under gondolen. Det burde vere siste utveg, og alle alternativ bør vere prøvd først, seier De Iacovo.

Vil skrinlegge investeringsplanar
Knut Flakk har lita tru på alternativa og viser til at dei har sett i verk mange ulike investeringar og tiltak for å gjere Devoldfabrikken meir attraktiv.

– Vi må konstatere at dette ikkje har lukkast, seier han.

Vern om Sula-leiaren fortel at ho ikkje får ei nedtrapping til å rime med investeringsplanane Devoldfabrikken gjekk ut med i fjor. Då blei det søkt om å utvide med eit glasstilbygg til kafeen og ei utviding av areal for utleige, mellom anna til kontor.

– Investeringsplanar som til døme utviding av cafeen, vert naturlegvis skrinlagde om det blir nei til gondol, svarar Flakk om planane vidare.

  • Via heimesidene, eller Facebook-sida til kommunen, er det mogleg å følgje debatten i kommunestyret direkte frå torsdag kl 18. Sjå sakspapira (ekstern lenke) og les meir om saka under:

Publisert: 06.05.2021 15:41

Sist oppdatert: 06.05.2021 21:30

Mer om