Stortinget montasje sylvi listhaug foto marius Lars Røed Hansen wiki commons CC BY SA 2 5 11
SKUFFA: Sylvi Listhaug og Frp fekk ikkje fleirtal for å flytte hovudkontoret i GIEK/Eksportkreditt til Ålesund. Men resultatet kan likevel bli eit «betydeleg» tal med arbeidsplassar utanfor Oslo på sikt. Foto: Marius Rosbach/Lars Røed Hansen - Wiki Commons (CC BY-SA 2.5)
Nytt

GIEK-flytting: – Skuffa over at Stortinget sviktar

Frp tapte GIEK-saka – men også Høgre vil flytte «betydeleg» med arbeidsplassar til regionale kontor.

Marius Rosbach
23.03.2021

Måndag hadde Stortinget Frp-forslaget om å flytte den nye samanslåtte eksporteininga Eksportfinansiering – til Ålesund og Bergen.

Einingane som i dag heiter Garantiinstituttet for Eksportkreditt – forkorta GIEK, og Eksportkreditt Norge har om lag 140 tilsette. Diskusjonen i Stortinget gjekk måndag og voteringa var tysdag.

Spenninga kring om forslaget ville få fleirtal, var utløyst allereie på førehand. Eit fleirtal av partia beståande av regjeringspartia i tillegg til Ap og SV, gjekk i mot.

Sylvi Listhaug (Frp) skulda fleirtalet for å ta meir omsyn til byutvikling i Oslo, enn dei delane av landet som i størst grad nyttar tenestene, når dei gjekk inn for å legge hovudkontoret til GIEK/Eksportkreditt til Groruddalen.

At det ikkje fantes kompetanse i vestlandsbyane meiner ho er «sludder».

– Det står ikkje på kompetanse. Det det står på, er vilje til å lokalisere denne institusjonen der brukarane og kundane faktisk er, der omstillinga og eksporten skjer, og der det er behov for en større forståing og kva behov desse næringane har, sa Listhaug.

– Derfor er eg skuffa over at Stortinget sviktar, konkluderte Listhaug i debatten.

Vil ha «eit betydeleg tal tilsette» ut av Oslo
Fleirtalet ber i staden regjeringa greie ut ei sterkare regional lokalisering i viktige eksportregionar – og kome tilbake til Stortinget med saka.

Høgres Tom-Christer Nilsen påpeika at han legg til grunn at utgreiinga vil føre til at GIEK/Eksportkreditt blir meir til stades i distrikta enn i dag – med «eit betydeleg tal tilsette», la han til.

Helge Orten (H) frå Mørebenken meinte Ålesund var eit «veldig godt utgangspunkt» når auka regional lokalisering skal diskuterast.

Også Jenny Klinge (Sp) peika på Ålesund i debatten som eit «opplagt godt alternativ», og understreka at partiet vil at den nye eininga skal plasserast på Vestlandet. Dei la sitt eige forslag på bordet om dette – men mangla fleirtal.

KrF: – Ei klar bestilling
Krf-politikar Steinar Reiten hadde merka seg innspela frå Vestlandet, om fordelane med at eksporteiningane blir plassert nærare dei tunge brukarane langs kysten.

Han meinte fleirtalet sitt forslag med regionkontor, vil gi moglegheiter til å gjere fleire av dei statlege arbeidsplassar uavhengige av stad.

– Dette er ei klar bestilling som eg veit blir godt motteke i både Møre og Romsdal og andre regionale tyngdepunkt for eksportretta næringsliv, sa Reiten.

Podium

E10/S2 Stig Remøy og Rolf Fiskerstrand om GIEK / Eksportkreditt Norge og framtida til norsk eksport

Meiner god eksportfinansiering er viktigast no
Næringsminister Iselin Nybø understreka at det viktigaste i denne omgang er at den nye eininga klarar å drive eksportfinansiering på ein god måte.

Terje Aasland (Ap) meinte utgreiinga frå regjeringa ikkje burde ta lang tid, og ville vite om statsråden ville jobbe med det spørsmålet om regionalisering, parallelt med etableringa av den nye eininga frå 1. juli.

Nybø svara at interimstyret allereie var opptekne av den sida av saka, men kunne ikkje vere meir konkret enn at ho ville komme tilbake «så fort vi har noko å komme tilbake til Stortinget med», la næringsministeren til.

Publisert: 23.03.2021 16:58

Sist oppdatert: 24.03.2021 08:50

Mer om